- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
78

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78
aldri anna enn takk og lovord att, endå det kosta dei både tid og pengar
til klæde og skor o. s. b.
Men dei var alltid viljuge, og flinkare og flinkare vart dei.
Ogso utanfor Oslo måtte leikarringen i B.u.laget syne fram dansen.
Den Iste februar 1904 var me soleis i Fredrikstad og dansa for 800 men
neske, og «stemningen var høi» stend det i dagboki. Det kann vera moro
å nemne at me tok inn 150 kr. på den framsyningi, og desse skulde
8.u.1. og Austfoldlaget skifte seg i millom, me som dansa hadde fri reise og
fritt upphald; eg for min part hadde på turen 3 kr. underskot. Eg hev
endå skrive upp at l^a kr. gjekk til ein pose wienerbrød «til oss alle».
På ein tur til Seljord hev eg skrive upp 8 kr. i tap, på ein til Valdres
2, o. s. b.
Eg skriv 2dre februar i dagboki: «Fleir og fleir uppmodingar kjem frå
alle kantar av landet um å koma og danse; kvar dag fær eg brev. Eg
kunde ikkje trudd, at den vesle freistnaden min skulde ta slike dimensjonar.
Og då dei ikkje kann få rettleiding, fuskar dei seg fram etter skildring av
folk som hev set dansen, men sjølvsagt vert det fælt. Ein stygg og ånd
laus songdans må ikkje få breide seg.»
Ved folkehøgskulen i Valdres hadde eg skeid dette året.
12te januar 1904 skriv eg m. a. derifrå: «I kveld hev me havt framsy
ning. Mange gode folk var [møtt fram og lika seg godt. Heile flokken
hadde laga seg bunader. Eg fekk eit gåvebrev på ein utskoren kubbestol.
Den gleder eg meg overlag til. Men det er mest skam åta imot so dyr
ei gåve. Dei hev alle lite å fara med, og dei må og betala reise og upp
hald for meg. Hadde eg 1000 kr. å ofre på folkevisune og dansen, skulde
eg vera lukkeleg. Det er herleg å høyre dansevisune mine i «kjøkken og
lade og lo», ja endå på toget der eg fer. Gledeleg og ovgildt at dei no
vert sungne og dansa inn i folket att, i staden for alle dei halvsvenske
skillingsvisune som hev rådd grunnen så lenge her i landet».
Og den 13de, Valdres:
«Samla for siste gong [til fotografering Men det vart vill dans både
inne og ute i snøhaugen. Eg gleder meg i tanken på at etterkomarane
våre skal finna eit av desse bileti på eit loft ein gong og segja: der ser
me kor hardbalne forfedrane våre var; dei dansa i snøen i tunne kvite
skjortor og låge spenneskor — å kor ætti gjeng attende!»
— Um den fyrste Stockholmsferdi til leikarringen kunde det og vera
mykje å skrive, men her er ikkje rom til stort meir. Berre so mykje kann
eg segja, at den åtgaum songdansen fekk derinne, av det beste publikum
i byen — kunstfolk, vitskapsmenner ikkje minst - gav oss ny arbeidshug
og ny von um at han var liv laga, kor mykje tidi var imot. t

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free