- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
79

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79
— På turen til Stockholm var ei reint ung gjente med som synte sers
givnad for dans og song. Det var Klara Setnb, ho som sidan kom til å
gjera so mykje godt arbeid for songdansen. Eg minnest ikkje no kva år
ho tok til å halde skeid, men ho var med i Det norske spellaget i 1911,
og då ho og Arne Hatlestad o. a. tok til å reise, kunde eg draga meg ut
or leiken etter kvart.
På dei tri spellagsferdene (191 1) slutta me kvar framsyning med dans,
Og det er ikkje for mykje å segja at han vart vel fagna.
Endå dei verste riksmålsfolk vann me med songen og leiken
Soleis skreiv sosialistbladet på Troms — «dansene var et friskt kilde
spring, kultiverte og yndige» —
Og i dagboki frå siste dagen der stend: «Begeistringen for dansen
blir reint vill no.»
I Svolvær, der me høyrde at det skulde vera 2 målmenn, hadde me
stappfullt hus, og etter dansen steig folk upp på benkene og veifta og ropa
bravo. Og slik var det mest overalt, so det var godt å sjå at dei gamle
songane gjekk til hjarto. Folk kjendest ved dei, og mange var heilt upp
kløkte, og etter desse ferdene var det ikkje ende på «dansebrev»,
Eg veit ikkje um noko anna land hev havt ein so merkeleg samskip
nad som dei frilyndte ungdomslagi i Norig. Meir og meir er desse lagi
vortne midstaden for alt kulturarbeid i bygdene; dei er ei åndsmakt som by
ane snart bør gjeva gaum på. Og takk vere desse gode lagi veks no song
dansen fram overalt, meir og meir norsk, men alltid på det trauste grunn
laget me fekk frå frendane våre på Færøyane.
No trur eg han hev slege fast rot att i Norig, og med tidi karm me
då vone å få ein god «norsk songdans», som seint vil døy ut att. Det
er ikkje ei døgerfluge dette, som dei moderne negerdansane. Songdan
sen er vaksen fram att av di der var ein naturleg trong til å finne for
mer for moro som høvde for ungdom med ideelle hugmål, og av medvi
ten vilje hjå denne ungdomen til å gjera den gamle folkeviseskatten kjend
og kjær att.
Men frå laga vona eg alltid, at dansen vilde nå inn i heim og skule.
Når borni fær lære visune av far og mor liksom Færøy-borni, og leiken
vert fast fag i skulen, då hev me nådd målet.
MULDA GARBORG.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free