- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
81

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

81
universitet, der det var utnlag 300 ulike nasjonale bunader. Eit fargespel
utan like! Det var ein veldig lyd som såg på framsyningi, og programmet
var kolossalt, som alt i Amerika. Bror min og eg var dei einaste norske.
Me dansa ein springar. Fagningi var so stor at me laut danse han uppatt,
endå programmet var for stort frå fyrr. Det var den einaste dansen som
vart kravd uppatt. Fyrr me gjekk, vart eg spurd um eg var viljug til å
lære frå meg norske dansar når universitetet vart opna til hausten.
Saman med miss Neva Boyd, som er ei høgt dana amerikansk kvinne,
lærar i psykologi ved «School of civil philanthrophy» hev eg arbeidt med
å setja um nokre av visune våre til engelsk. Miss Boyd, som er sterkt
uppglødd for dette arbeidet, hev hjelpt til med å gjeva ut bøker til bruk
for skulen, med rettleiding yver dansane. Bohemia og Moravia hev soleis
ei og Danmark og Sverike ei saman, no kjem det ei for Norig åleme.
Miss Boyd kjenner meir til folkedansar enn nokon eg fyrr hev møtt.
Av alle dei dansar og folkevisur ho hadde arbeidt med, var dei norske
dei vakraste, mest verdfulle og mest kultiverte. «Er de nordmenn slik?
Tek de så djupt på alle ting,» spurde ho.
Avslutningsfesten i Hull-House i fjor sumar laga seg som ein norsk
kveld. Eg hadde fenge med meg ein liten norsk dansarring som synte
fram nokre av våre vakraste songdansar, som eg hev arbeidt mykje med i
seinare år. Amerikanske studentar, lærarar og lærarinnor, fleire i norske
bunader, dansa våre dansar og song songane våre um enn på eit fra
mandt mål.
Hadde eg stogga i Amerika, vilde eg no vonleg vore på ferd kringum
til settlements og skular i heile U. S. A. So vel lika dei dansane våre.
KLARA SEMB.
6 - Norigs Ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free