- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
83

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

83
dei trur ungdomslagi skal gjera. Fyremåli karm vera gode i seg sjølv, det
er ikkje for det; men for mykje er for mykje og fører so lett til at inkje
gagns arbeid vert gjort, når ein spreider seg so. Det er brev nok frå folk
som vil nytta ungdomslagi til arbeidsmark. Eg klandrar ingen; alle meiner
det vel. Men ungdomslagi karm ikkje vera arbeidsmark for alt og alle. Då
får dei ikkje ryggmerg, men vert lett til sev som svagar for vinden.
Ungdomslagi skal hjelpa den bra ungdomen til idealitet i ungdomsåri;
men det er ikkje det same som at ungdomslagi skal vera bergingsheimar for
vanseda ungdom. Ungdomslagi skal vera heren som vinn landet; men heren
hev ikkje bruk for invalidane. Alle som vil draga ungdomslagsarbeidet
moralsk ned, må kjenna at dei hev ikkje noko i ungdomslaget å gjera.
Det er mange skjer å koma framum for folket vårt i vår tid. Det må
serskilt nemnast at den nasjonale sjølvupphaldingsviljen må styrkjast. Folket
må ha eit so vake nasjonalt samvit og ei so sterk nasjonal ansvarskjensle,
at det ikkje i noko høve vil spela hasard med landsens lagnad som sjølv
stendigt land. Eg hev stundom den kjensla at noko vantar her. Den rette
sjølvupphaldingsviljen vil ikkje få ro, fyrr me veit at me hev gjort alt me
maktar til å vera bune mot åtak utanifrå kva tid det skal vera. Ingen veit
når det vert bruk for å vera parat. I april 1905 gjekk eg ein tur utanfyre
Ulm. Eg kom då framum den staden, der Blau-elvi skal demmast upp når
festningsgravene skal fyllast med vatn. Det var ikkje berre sementstøypingi,
som var parat, men jamvel dei plankane som skulde nyttast til uppdemmingi;
dei låg jamsides under tak. Var det ikkje råd å få plankar etter ein krig
tok til, men fyrr fienden stod utanfyre murane i Ulm? Å jau, det var vel
råd. Men eit folk, som vil vera parat, set ingenting upp til ufredstider av
det som karm gjerast i fredstider. Når ufreden kjem, er det nok å greida
med likevel. So tenkjer eit folk med den rette sjølvupphaldingsviljen.
Korleis skal eit folk som vårt få den energiske sjølvupphaldingsviljen, som
skal til i vår tid? Jau, folket må kjenna med seg sjølv at det hev eit politisk
fyremål, eit nasjonalt kall. Elles er det ein ålmuge og fær same lagnaden.
Men eit slikt nasjonalt kall karm folket ikkje kjenna, dersom det trur at
det alltid skal verta verande liksom ein utpost for eit anna lands kultur og
nasjonalitet. Dette kjenner og folk på seg, reint instinktivt; og her hev me
djupaste grunnen til arbeidet med å reisa uppatt det norske målet. Det er
denne instinktive kjensla som hev gjeve dette arbeidet vinden i segli. Det
er ikkje hat og misunning so som mange segjer. Å nei, hat og misunning
hev aldri gjort noko storverk, når det galdt og reisa det som låg nede. Det
må nok andre krafter til.
Ingen karm visa nokon annan veg til å få folket til å kjenna eit nasjo
nalt kall. Difor er det for oss ikkje tale um å gjeva upp, fyrr sigeren er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free