- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
93

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

93
I 1896 vart det skipa mange lag, såleis ungdl. «Vårblomsten» på Fiske
nes, «Nordlyset» på Sunderøy, «Vårvon» i Sigerfjord, «Frisinn» på Strøn
stad, og kanskje mange fleir, men som fylkeslaget ikkje har greie på av
di dei ikkje har stått i samskipnaden. Det er visstnok oftast folkeskulelæ
rarane som har skipa desse laga, men ofte også vanlege bondefolk. Såleis
vart i 1898 ungdl. «Fremad» på Haugnes, Andøya, skipa av gardbr. A.
Lorentsen og smed P. Pettersen. Men nokon fast og stø skipnad har desse
eldste laga ikkje havt. Det har visst gått mykje på slump med lagsarbeidet;
møte- og reknskapsbøker har mykje godt kome på rek, dersom dei i det
heile har vore til, så det er ofte mindre enn lite det laga veit om seg sjølv.
Mykje av dette tradisjonslause rotet har, som ein seinare skal sjå, grunnen
sin i reint naturgjevne tilhøve.
Gruppe frå Gimsøy ungdomslag {1896)
Ola Bø, Frk. M. Ojellestad,
som skipa laget.
Håkon Benjaminsen,
formann no.
form. i mange aar.
Noko karm ein likevel karm hende finne ut i så måte når ein tek for
seg ei oversyn over kva tid dei er skipa dei p. 1. 60 ungdomslag som ned
igjenom tida har vore innmelde i fylkeslaget, og som ein har nokolunde
greie på. Det viser seg då at 8 lag er frå femåret 1895— 1900, 20 lag
frå 1900—1905, 12 lag frå 1905—1910, 12 lag frå 1910—1915 og 8 lag
er skipa i det siste femåret, 1915— 1920.
Som ein ser har voksteren vore sterkast i tida mellom 1900 og 1905.
Dersom ungdomsrørsla var berre ei motesak, kunde ein segje at motevinden
bles sterkast her i bygdene i tida før 1 905. Men skulde laga jamtover ha
si rot i ein flyktig mote, så skulde ein vente at dei vilde døy ut att i noko
lunde same orden som dei er komne til i. Og dette er ikkje tilfellet. Av
dei 30 laga som i dag stend i Lofoten og Vesterålen ungdomslag, er fram
leis storparten frå tida før 1905. Dette må tyde på stor livskraft hos desse
laga, ei livskraft som må ha noko anna og meir enn motevind til ophav.
Det skulde vel stort set ikkje vere så mykje ut av vegen om ein såg ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free