- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
103

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

103
i
lag til ein ny fylkessamskipnad, — same freistnaden som Sigerfjord ungdl.
hadde gjort i 1906. Og resultatet vart det same. I røynda var det ingen
av fylkingen sine lag som fall frå; det viser innsendinga av årsmeldingane.
I det heile karm ein visst segje at denne striden i 1914—15 gjorde godt;
han reinska lufta, gjorde linene greiare.
1915—19 og halvåret 1919 ialt i 5 år var kjøpmann W. Martinussen,
Straumsjøen, fylkesformann. Det er visst ikkje mange menner som har havt
slik tiltru og vore så mykje nytta i offentlege og private tillitsyrke i bygda
og i landslotten som Martinussen. At fylkeslaget si verksemd har vore styrt
med stø hand igjenom desse siste vanskelege åra, med alle sine nye tiltak,
er det vel ikkje verdt å peike på. Opgåva har serleg vore å finne utveg til
nye inntektskjelder, og så setje dei materielle
verdiane om i nye åndelege Ansvaret for dei
ymse økonomiske tiltak har elles mest kvilt på
driftsstyraren på kaffistova i Svolvær, lærar
Peder Carlsen. Omfram Vågan folkehøgskule,
som fylkeslaget eig sidan 1915, og som i 1917
vart påkosta med ei 60 000 kr. — serleg avdi
det var planen å gje plass for ein 5 månads
husmorskule i sommartida —, har fylkeslaget i
1916 sett i gang ei kaffistove på Melbu og i
1917 ei på Andenes. Kaffistova på Andenes
laut slutte hausten 1919, avdi det viste seg råd
laust å få dugande styrarar. På Melbu flytte
stova same året inn i eige hus, «Hasselhei-
Berg Rolness.
men». Dette tiltaket kosta fylket nær 100 000 kr., og det ser desverre
ut til å ville svare seg kleint. Stoda åt fylkeslaget er i det heile vorte
vanskeleg i dei siste tidene. Dei mange tiltaka krev større utgifter
enn drifta karm bere, og lånevegen har i det siste vore så godt som
heilt stengd.
Likevel har ein set seg råd til å yte større og større summar kvart år
til åndelege og kulturelle føremål. Såleis har fylket ytt årlege tilskot til folke
høgskulen (stipend), til husmorskulen, til foredragslaget, til helseheimsophald
for tæringssjuke, til ungdomsbladet «Midnattsol» og til ungdomspresteløna.
Dei siste 2 postane er fylket saman med Trums fylkeslag om. Og ein karm
visst trygt segje at «Midnattsol» og ungdomspresten (Berg Rolness) er dei
to viktigaste faktorane i fylket si verksemd no — ved sida av folkehøgsku
len. Samstundes har fylkesstyret meir og meir freista hjelpe einskildlaga til
medvite arbeid kvar i sine krinsar, — med brevbyte og anna rettleiding, og
først og fremst gjenom pålitelegare, støare organisasjonsformer.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free