- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
116

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116
os — Naumdøla kaffistova — kom i gang i
1909 i leigde rom. I 1917 kjøpte stova eigen
gard og fekk endeleg lov av husleigenemnda til
å flytta dit i 1919. Med drifta av denne stova
har det gått nokolunde bra. Det har vore kr.
2500 å kr. 3500 i overskot for året. Eitt år har
det vore noko meir.
Rørvik kaffistova vart sett i gang i 1912 i
eigen gard. I den fyrste tida gjekk det sers klent
med drifta, so stova i Namsos -(natte gjeva tilskot;
men no dei siste åra har det gått betre, so stova
no har kome på fote og karm venteleg gjeva noko
overskot til nytte for samskipnadene.
Ludvig Benum
Arbeidet med fylkeslaget har alltid formannen havt. Laget har ingen
skrivar. Sidan det er langt millom styresmennene har det vore halde få
styremøte. Formannen har styrt mest åleme, med samråding gong og annan,
anten i telefon eller brev med dei andre styresmennene. Fylkeslaget har ein
eller eit par gonger for året sendt ein ferdatalar til laga. Han har aldri
enno nådd fram til alle lag, men vi har freista byta på det so godt det
kunde gjerast etter tid og høve. Det er sers vandt åfå tak i ferdatalarar
her, sidan laget ingen fast talar har og heller ikkje karm få tak i i dei nær
maste fylke. Laget har difor ofte mått venta til eit høve har bode seg
fram og vore takksam for det som var å få.
Laget har elles halde sambandet med dei einskilde lag uppe med rund
skriv og skriftveksel.
Naumdøla ungdomslag har serleg merkt seg den letnad og hjelp det har
vore i at landslaget har sendt talarar til ungdomsstemnone. Som det var
før, var det mest uråd å få ein talar langveges
frå. For det første var det for dyrt, og for det
andre var talarane jamt upptekne før avdi so mange
stemnor kom samstundes. Dette har det vorte
betre med sidan landslaget tok til å ordna med
stemnone. Dersom talarane no vilde vera meir
å lita på enn dei ofte viser seg å vera, so hadde
det ikkje vorte so på slump med stemnone som
det stundom har vorte.
Landslaget sin skipnad med fast ferdatalar er
og av god nytte for Naumdøla u.l. som sjølv
har vondt for å få tak i dugande ferdatalarar.
Det som vilde gjera største nytta i ungdoms- O. S. Åvatsmark.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free