- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
133

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

133
I 1918 valde årsmøtet i ungdomssamlaget ei nemnd til å fyrebu arbei
det med å reisa ein minnestein på bonden H. K. Foosnæs si grav, fordi
Foosnæs var den fyrste folkehøgskulestyrar i Inntrøndelag, og fordi han
elles var ein djerv dugande ungdomsleidar og upplysningsven. Sumaren
1920 vart «Foosnæssteinen» avduka under stor høgtid.
JOHS. KJESBU.
UTTRØNDELAG FYLKESLAG
Uttrøndelag fylkeslag, samskipnad for ung
domslag i Sør-Trøndelag, vart skipa i Trond
heim 16. januar 1898 ved ei ungdomsstemne,
der det møtte utsendingar frå 27 ungdomslag
i fylket.
Fyrste formannen var fylkesskulestyrar P.
Dybdahl. Saman med han i tiltaket stod lærar
Tilset, sersjant Fiske, Ragndi Heggstad, sersjant
Setsås, Angell-Olsen, Søren Eldevik (det fyrste
styre for laget) — klokkar (no fylkesskulestyrar)
O. Vasseljen, lærar O. Aune, gardmann A.
Moksnes, lærar Anders Halten o. fl.
I dei fyrste åra var det mest ved sommar
stemnone, som da gjerne varte i tri dagar, at
Folkehøgskulestyrar A nders Mo,
fylkes/orm. 1911-16 og 1919-20.
fylkeslaget verka på ungdommen. Der vart mange spursmål dryft: avhalds
sak, husyrke, tilhøve millom frilyndte og kristelege ungdomslag o. s. b. —
Ymse kurs fekk laget i stand, såleis i korgbinding og sponarbeid. I 1901
sende laget ut den fyrste talar, Engel Meslo, og årsmeldinga for 1901 —02
let vel om arbeidet han gjorde.
I 1909 skipa laget seg som foredragslag (folkeakademi) for å få tilskot
av riket til foredragshjelp.
I lag med andre samskipnader for nasjonale føremål var Uttrøndelag ung
domslag med og fekk skipa l/l Trønderheimen i 1913, eit tiltak som ikkje
berre ungdomssamskipnaden har havt gagn og glede av, men folk frå trøn
derbygdene i det heile og enno vidare.
Laget har ikkje fastlønt skrivar. Det daglege arbeid påligg formannen
og skrivaren i laget. Somme år har det vore sendt ut framlegg til plan for
lagsarbeidet frå styret (Råd og rettleiing). Det har vore til god hjelp for
laga så vidt ein kan sjå; men enno betre vilde det vore om den som skriv
plan sjølv kunde møte i laga med råd og rettleiing.
Laget tingar ferdatalarar kvart år, men somme av desse (ein kan nemne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free