- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
165

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

165
A vskilsfest i Ørsta ul. for presten Devold og frue.
Ungdomssamlaget tente litt på dei fyrste spelstemnene; det kunde difor
ofre litt på ei onnor arbeidsgrein: husfliten. I 1903 fekk samlaget til eit
husflitssjå i Ålesund. Gamalt og nytt husflitsarbeid var framsynt der. Det
vekte sansen for denne saka kringum i bygdene. Det vart no gjeve tilskot
til husflitsarbeidet frametter. Samlaget sende ut Lars Osa og Lars Kinsarvik
som heldt ’foredrag um ’norsk prydkunst. Og Marta Kinsarvik heldt ei
rekkje med rosemålingskurs i ymse bygder. For å lesse av noko av arbeidet
skipa so samlaget «Sunnmøre husflitslag» i 1910. Dette nye laget hev elles
fått studnad av ungdomssamlaget i arbeidet sitt.
Husflitsarbeidet gjer heimane unelege og fagre. Sunnmørsungdomen vilde
og vere med å gjere bygdene fagre, med å klæ dei nakne liene med grøn skog.
I 1899 gjorde samlaget upptaket til å få plantekurs kringum i sunnmørs
bygdene. I 1907 tok samlaget til å kjøpe planter og byte ut millom ung
domslaga, og i 1908 skipa det eigen planteskule i Ørsta. Denne plante
skulen var i gang til 1912, då fylkesskogselskapet sette i gang «Møre plante
skule» i same bygd. Mange einskildlag hev no eigne planteteigar og årvisse
plantedagar. År um anna sender samlaget ut kring 80,000 planter til ein
skildlaga. Og no susar det gildt i ungskogen mange stader.
Samstundes med dette hev ungdomssamlaget arbeidt millom sjølve ung
domen. Ein av dei ting som kan tyne ungdom og ungdomslag mest, er
rusdrykken. Difor hev samlaget teke avhaldsarbeidet upp. 1 fyrste tid sende
det ut avhaldstalarar; men dette var ikkje nok. For å nå meir sine eigne
folk skipa samlaget eigen avhaldssamskipnad i 1910. Samskipnaden heiter

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free