- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
167

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

167
Mork ul. (1905).
Lærar Andreas Ervik,
som skipa laget.
Fru Sevrine Mork,
ei berande kraft i
lagsarbeidet.
Lærar Jon Barstad,
som nyskipa laget
i 1909.
Per Mork,
fyregangsmann i
ul. arb.
Fanejunkar Paul Mork
fyregangsmann i
Mork ul.
Gamal Mork,
form. sidan 1918.
Fru Anna Mork.
hjelp til denne verksemda. Foredragshaldårane hev vore mange, både eigne
folk og framande hev vore nytta. Men utan å miskjenne nokon annan kan
ein trygt nemne Elias Melvær og R. Haagsøen serskilt. Dei tvo hev gjort
eit serleg godt arbeid millom sunnmørsungdomen.
Samlaget hev og skipa til formannsmøte der sendemenner frå einskild
laga kunde kome saman, høyre foredrag og ordskiftast um arbeidsmåtane.
Slike møte vart det halde i Ørsta i 1911 og i Ålesund i 1916 og 1920.
Desse møta hjelpte til å setje fart i lagsarbeidet. Samlaget hev og skipa
kurs i folkeviseleik kringum i einskildlaga. Det er frk. Ingeborg Fedje som
hev halde desse kursa. Det syner seg at det er mykje vunne i dei lag der
ungdomen kan leike fagert og med sømd.
Kvart einaste år sidan 1893 hev sunnmørsungdomen samla seg til ung
domsstemne. Det møtte ikkje so mange på dei fyrste stemnene; no gjeng
talet på stemnefolk ofte upp i 7000. Umfram den årlege stemna kring
jonsokleite vert det og halde småstemner utetter sumaren. Desse stemnene
er ei høgtid for sunnmørsungdomen. Dei lyser upp i kvardagsstrevet med
sumar og sol, med von og med glede, dei fyller ungdomshugen med ljose
minne og gjev ny kveik i alt framgangsarbeid.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free