- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
178

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

178
og Karl Os. Kassestyrar vart A. A. Drogesæt og ettersynsmenn J. Sætre
og Jens Eide, baae frå Stryn.
Stemna og årsmøtet vart halde på Skåre i Uppstryn 21. juni 1896.
Etter meldingi som formannen la fram var då i alt 7 ungdomslag med
til saman 262 lagslemer innmelde, alle lagi frå Nordfjord. Kassestyraren
melde at fylkeslaget hadde ei kasse på 17 kr.
Dei sendemenn som møtte på dette fyrste årsmøtet valde til styre for
fylkeslaget: Jon Fridtun, form., lærar G. Henden, varaform., Karl Os,
Rasmus Bruvoll og lærar A. G. Blaksæt. Kassestyrar vart O. M. Kirkeide.
I arbeidsåret 1896—97 melde det seg inn 10 lag til, av dei 4 frå
Rasmus Lothe,
(skreiv mykje i lfngfyden" under
merket Sjur Nordbygd).
Sunnfjord. Til årsmøtet 1897 kunde forman
nen gjeva melding um 17 innmelde lag med
til saman 624 lagslemer. Sidan voks det fram
noko i senn.
Årsmeldingane syner at dei fleste av dei
lag som vart ståande i fylkeslaget hev arbeidt
godt desse fyrste åri. I lagsmøti hev det ser
leg i denne tid vore mykje ordskifte.
Kvart lag hadde sitt handskrivne blad.
Det var ikkje mange som då hadde lært å skriva
norsk. Men likevel freista dei å skriva på
norsk storparten av dei som skreiv, og bladi
vart soleis ein god målskule.
Desse bladi gjorde ogso — og gjer fram
leis — mykje til å vekkja tankar og til å fylla
ut eller lengja ut dei munnlege ordskifti. Mange av dei som ikkje våga
seg fram i ordskifti på møti, kom med sine innlegg i bladi, og desse inn-
leggi var ofte dei beste.
Dei fleste lagi freista seg og med skodespel, og dette arbeidet var både
til hugnad og til lærdom.
Leik tok dei like eins med i ungdomslagi, heller for mykje enn for lite.
Serleg vart det ofte for mykje av dans på festane, og då hende det og «
sume lag at flaska kom med. Sume lag greidde difor ikkje å halda dei
ideelle hugmål uppe, men sovna heller fort.
Fylkeslaget laut difor frå fyrst av ta upp arbeidet mot rusdrykken, og
då det leid nokre år, vart det og teke upp arbeid for å minka på eller heilt
få burt frå ungdomslagi den innførde runddansen. I staden vart det freista
med å føra inn folkeviseleik. Eit par gonger hev fylkesstyret sendt lagi
lærarar i folkeviseleik, og mange lag er komne godt på veg med det slag
leik no, og greider seg utan runddans.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free