- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
181

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

181
halda foredrag og norske gudstenester. Han gjorde svært godt arbeid, og
var ein av dei fyrste som gjorde noko munaleg til å opna kyrkjedørene her
i Nordfjord for norsk mål.
I 1905 reiste islendingen Gudmund Hjaltason i fylkeslaget og heldt 37
foredrag.
I 1906 hadde fylkeslaget tri ferdatalarar: W. Coucheron-Åmot, Endre
Jerpstad og lærar Jacob Åland Den siste heldt 40 foredrag frå Nordfjords
soga, og gjorde med desse foredragi mykje til å vekkja uppatt ansen for
våre sogeminne. Til å greida utleggi for foredragi vart det vanleg teke
inngangspengar.
I 1909 gjorde fylkesstyret (etter framlegg frå formannen) upptaket til å
skipa eit foredragslag med rikstilskot. Det vart skipa på stemna i Stryn
4. juli 1909 og fekk namnet Nordfjords foredragslag; rikstilskotet fyrste året
vart kr. 200. Alle lagi i fylkeslaget kom med i foredragslaget.
Etter søknad frå Nordfjords krins av N. K. U. F. vart ogso dette fy! kes
laget med i Nordfjords foredragslag frå årsmøtet i 1910. Sidan hev desse
tvo fylkeslagi havt foredragslaget i hop. Til styresmenn vel Firda ungdoms
lag 3 og Nordfjords krins 2 kvart år. Formannen i Firda ungdomslag hev
vore formann og skrivar i foredragslaget sidan det vart skipa.
Gjenom foredragslaget hev ungdomslagi i Firda u.l. fått umlag 550
foredrag desse 12 åri det hev vore i arbeid.
Fylkeslaget hev ogso arbeidt med å få til norske gudstenestor i Nord
fjord. Det er fyrr nemnt at presten B. Th. Anker reiste i fylket i 1904, og
i 1907 var Firda ungdomslag med i arbeidet for å få innsett ein norsk
talande ungdomsprest i bispedømet"
Mannen hadde vi: soknepresten i Sulen, Rasmus Haugsøen. Riksstyret
gjekk med på å setja inn ein slik prest; men til umbodet vart løyvt berre
vanleg stiftskapellanen. Skulde vi få Haugsøen, måtte han få so stor løn, at
han ikkje leid noko tap ved å gå ifrå sokneprestembetet sitt. Det laut difor
eit tillegg til, og dette tok ungdomsfylkingane i bispedømet på seg. Av dette
tillegget ytte Firda ungdomslag kr. 100 for året til stortinget i 1914 ende
leg vedtok at rikskassa skulde ta på seg heile løni til Haugsøen.
Heilt sidan 1908 hev presten R. Haugsøen årvisst gjort ei ferd i Nord
fjord, og hev halde norske gudstenestor i alle Nordfjords kyrkjor, i flestalle
av dei fleire gonger. Samstundes hev han halde foredrag i foredragslaget.
Han hev mest jamt samla fullt hus både i helg og i yrke. Haugsøen hev
soleis gjort mykje her i Nordfjord til å opna både kyrkjedørene og hjarto
for norsk kyrkjemål, og millom ungdomen hev han gjort eit arbeid som
det hev grott godt etter, både med gudstenestene, og med foredragi i ung
domslagi og på stemnone våre. Haugsøen hev ogso med sitt arbeid gjort

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free