- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
184

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

184
Firdastemna i Innvik i 1918.
Museet vart opna for ålmenta den 25. juli 1920
Dei fyrste åri (10—12 år) var det alltid vanskeleg å gjera upptak til
arbeid som kosta noko; for det var jamt lite pengar. Det var berre års
pengane, 5 øre av kvar lagsmann, og overskotet på stemnone vi hadde å
arbeida med, og det rakk aldri langt.
So var det formannen tok upp tanken um at Firda u.l. skulde skipa
eit bondeherbyrge i Bergen. Det kunde kanskje gjeva ein skilling til fylkes
laget. Ein annan ting låg og til grunn for denne" tanken. Mange nord
fjordingar hadde ut gjenom åri reist til Bergen og busett seg der. Og
mesteparten av dei hadde gått upp i byen og bykulturen. — Og når vi
bondefolk kom inn til byen, lo byfolket både åt oss og målet vårt. Einast
pengane våre såg ut til å vera gode nok. Kunde vi reisa eit godt bonde
herbyrge i byen, kunde landsfolk vera der som dei var heimekomne og
slapp verta lædde åt, og kanskje kunde det hjelpa til at byfolket ogso skyna
oss betre og vyrde oss.
Men skulde vi driva herbyrgeverksemd i Bergen, måtte vi ha eitt av
lagi der med oss. Formannen hadde fått på hand Sandals hotell, og la saki
fram for styret i møte den 11. des. 1910. Styret gjekk samrøystes med på
tanken, og formannen og varaformannen vart sende til Bergen til å sjå på
hotellet, få i stand bindande tilbod um sal, og so freista få «Ervingen» i
Bergen med på tiltaket. Vi fekk hotellet på hand for 40.000 kr; men
«Ervingen» (styret) gav oss avslag. So laut vi gjeva upp dette kjøpet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free