- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
188

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

188
Huset åt Hornindal ungdomslag.
fjordlaget i Amerika ei fane. Etter framlegg av Am. Mork fekk fana denne
innskrifti: «-Tidt eg minnest ein gamal gard». Kunstmålar F. K. Tranås
måla fana, og gjorde arbeidet vel ifrå seg. Ho vart send i 1916.
I fjor (1920, 4. juli) kom det sendemenn frå Nordfjordlaget i U. S. A.
med helsing og takk, og med ei pengegave til Nordfjord på vel 50.000 kr.
Fylkeslaget hev frå fyrst av vore med i striden mot rusdrykken. I 1911
sende styret rundskriv til lagi og bad dei gjera vedtak um at «Rusdrykk
vert ikkje told i lagi sine møte eller festar. Rusa folk hev ikkje rett til å
vera med i laget sine samkomor.»
Dei fleste lagi gjorde slikt vedtak. Sume lag hadde gjort liknande ved
tak fyrr, og sume lag sa at slikt vedtak var ikkje turvande.
Etter framlegg frå styret og etter samrøystes vedtak på årsmøtet i 1919
var fylkeslaget og dei einskilde lag med i forbodsstriden i 1919. Årsmøtet
løyvde pengar til striden, og fylkesstyret sende dessutan ut talarar; i eit herad
skipa styret ei forbodsstemne.
I 1920 vedtok styret samrøystes å ta upp arbeidet mot tobakken, serleg
mot sigarettar og snus
I 1911 freista fylkeslaget med skodespeltevling på stemna i Innvik. 3
lag var med i tevlingi, og framsyningane var etter måten gode. Seinare
hev det vore skodespeltevling på fleire stemnor. I 1918 skipa styret ei tev
ling i norsk felespel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0198.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free