- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
190

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

190
Fylkeslaget hev ikkje havt tilsett serskild skrivar. Alt kontorarbeidet hev
difor heile tidi lege på formannen åleme.
Fylkesformenn hev desse vore: Lars Reed, Jon Fridtun, dr. H. Brodt
korb, Håkon Åsvejen, Jon Henden, Samuel Roti og Ola Sande.
Det største og mest verdfulle arbeidet i dei framfarne 25 år hev dei
einskilde ungdomslagi gjort.
Dei spursmål som hev vore uppe til dryfting og dei mange saker som
det hev vore arbeidt med i lagi: målsak, fråhaldssak, idrottssak, skogsak,,
arbeidet for norsk bondereising, for vern um våre åndelege og materielle
kulturminne, og sist, men ikke minst, for upplysing og for uppseding av
dei unge, hev verka meir til åndeleg og materiell vokster enn ein kann for
telja med ord.
Og nordfjordungdomen hev god grunn å stå på, og hev framtidi for seg.
OLA SANDE.
SUNNFJORD UNGDOMSLAG.
Ungdomsrørsla i Sunnfjord — den frilyndte — tok til i 80-åra. Det
politiske stridsbårene gjekk høgt; so jamvel dei sovande måtte vakne og vere
med eller imot. Dei fleste heldt seg sjølvsagt til høgre, som trudde på Vår
herre og kongen og Sverike; men ungdomen, som oftast er radikal, var
lenge uviss. Johan Sverdrup, Bjørnson og Ullmann måtte vel vere nokre
farlege karar; men du og du for eit mod! Presten orda då so smått frampå
um, at dei truleg kom til stå på vinstre sida i lag med bukkane på dome
dag, — at dei våga so mykje? I denne tid sluttar mangein prest å vere
«far»; dei beste millom ungdomen vender ryggen til kyrkja, og mange
Nikka Vonen. David Bakke.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free