- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
194

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

194
Lars Nordeide. Rasmus Øvrelid. Ragnar Melvær.
Hausten 1903 kom sunnmøringen Rasmus Øvrelid til Sunnfjord som
styrar for den kristelege ungdomsskulen. Han vart ein god mann for ung
domen både på skulen og elles. Han ’var like viljug å tala i frilyndte som
i «kristelege» lag, på festar, møte og stemner.
På stemna i 1904 vart endeleg Sunn/Jords ungdomslag skipa. Lovene
sette ikkje store krav til lag og lagsfolk. Einskildlaga skulde svare med 10
øre av kvar lagsmann. Styresmennene er 3. Målet var framleis åfå i stand
årlege stemner, og so, når ein får råd til det, å sende ferdatalarar kring i
bygdene. Formann vart Kristian Eimhjellen, men året etter (1905) sa han
frå seg val. Sendemannsmøtet valde då bladstyrar Vanberg («Søndfjord avis»),
Flora.
No vart Ragnar Melvær kassestyrar. Før hadde det gått på ein slump
med stemnepengane. Men Melvær fekk skikk på dette. Hadde han ikkje
vore so nedlest med ulønt arbeid før, so hadde han sjølvsagt vorte fylkes
formann. Det var serleg skyttarsaka ogTmålsaka han hadde ofra seg for
før. Han tek til med stemnemerke og står trutt ved inngangsdøra og er
ikkje god å kome framum, for dei som ikkje har merke. Han er viss på
alle stemner no frametter. Lite får han nyte, men han får pengar i kassa;
og med dei skal det gjerast godt arbeid millom ungdomen i Sunnfjord, som
hjarta hans brann for.
I 1905 var den nye ungdomspresten Rasmus Haugsøen for fyrste gong;
på stemna vår. Med honom kom det ny kveik og meir samhug med ung
domsrørsla millom dei eldre, som før var anten likesæle eller såg med mis
tru på henne.
I 1906 vart lærar Gudmun Skodvin vald til formann. Skodvin tek uppatt
arbeidet for samskiping av kristelege og frilyndte lag. Men til fånyttes.
På årsmøtet i Holmedal 1908 vart framlegget um samskiping med dei
«kristelege» sterkast dryft. Kyrkjesongar E. Vindheim, Holmedal, segjest vera
den som hardast stod imot tanken. Han tykte nemleg det var kje rett å
lokke dei som såg det som synd å vere med i ein skuldlaus Jeik, til å vike
frå dette synet. Likeins var det kje rett for den frilyndte ungdomen å frå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free