- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
195

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

195
skrive seg retten til å
ha politiske ordskifte
og foredrag på møta
sine. Best at kvar
fylking arbeidde etter
sin hug.
Det vart avgjort
at Sunnfjord ul. skul
de meldast inn i No-
rigs ul. Skodvin
gjekk ut som for
mann og E. Vind
heim vart vald.
Gudm. Skodvin E. Vindheim.
Professor Gjelsvik som no var formann i N. ul. var på denne stemna.
Han er sunnfjording og det har han aldri dult, endå namnet sunnfjording i
grannebygder og serleg i Bjørgvin lenge har vore brukt som eit skjemdar
namn.
Det var difor som sunnfjordungdomen våga reise hovudet høgare, sidan
gitordet um denne sunnfjordgutén for over landet. Serleg for norskmåls
arbeidet har han vore heimbygdene ein god mann, beinveges og. Han
sende store pakker med nytestamente, Davids-salmar og Blix-salmehefte til
norsklyndte prestar og lærarar, som skulde byte dei ut i skular og ung
domslag. Dette sædet som han soleis sådde, får no andre hauste.
Våren 1909 reiste Øvrelid ikring til alle innmelde lag og heldt foredrag.
Dette er den fyrste beinveges hjelp fylkeslaget gjev einskildlaga. Før laut
det vere med at stemnene vart rettvist skift på bygdene i fylket.
På sendemannsmøte i Førde 1910 vart det gjort vedtak um å skipe
foredragslag. [Styre vart: Jakob Reiakvam, form., Lars Nordeide og R.
Melvær.
Jakob Reiakvam blir no og vald til fylkesformann og står i 3 år.
Dessa 3 åra blir det gjort mykje godt
arbeid. Foredragslaget vart sett i verk
semd; året 1910— 11 var det soleis halde
46 foredrag, og dei kosta i alt 920 kr.
Av dette gjev staten 150 kr.
På sendemannsmøtet i 1910 fekk sty
ret fullmakt til å ta upp til 1 0 luter i lut-
laget Norskt Herbyrge, Bjørgvin, og det
vart sendt uppmoding til einskildlaga um
å ta luter. Mange lag gjorde det. Og
Anders Lote,
fyregangsmann for
ungdomen i Sunnfjord
og Nordfjord.
Jakob Reiakvam.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free