- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
202

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

202
Ungdomshuset i Vik i Sogn.
lag skulde gjeva til Sognelaget i Amerika. Samstundes vart vedteke å gjeva
ut eit lite festskrift med bilete og tekst frå bygdene i Sogn. Bankar, herad
og ungdomslag skaut til, og pengane kom inn. Fana vart måla av Olav
der som bakgrunn, og ei sognegjenta
Olav Hoprekstad stelte med skriftet,
Rusti, med gamle Urneskyrkja og fjelli
og ein sognegut på vollen framfyre.
og båe ting var ferdige sumaren 1914. Då vart det halde ei olsokstemna
i Sogndal, der amerikasogningane var innbedne, og der var mange heime då.
Formannen i Sognelaget, presten Urnes, var der og tok imot fana, og 1000
ekspl. av skriftet vart sendt til Amerika. Dette var ei gild samkoma, men
og ei alvorleg samkoma, med di der kvelden fyreåt var kome bod um at
det drog upp til ufred i Europa.
Det viktugaste arbeidet åt ungdomslagi vert då alltid det uppsedande.
Med di både skulen og andre samskipnader arbeider til same mål, er det
ikkje so godt å segja kor mykje som fell på kvar. Hovudsaki er å vinna
fram til ein kristeleg og nasjonal vaken ungdom. I arbeidet for dette hev
den frilyndte ungdomsrørsla synt seg å hava livs rett. Og det er verdt å
merka seg, at dei menner som no er rekna millom dei vyrdelegaste i bygdene,
hev i sine yngre dagar vore rekruttar i ungdomslagi.
Fyrste formannen i Sogns ungdomslag vart Vilhelm Flugeim frå Sogn
dal. Han er fødd i Sogndal, son åt klokkar Flugeim der. Han gjekk lærar
skulen på Stord. Det var i dei åri at det nasjonale medvitet vakna på lærar
skulen, og målvinnarlaget vart skipa. Fyrr hadde han vore hjå H. M. Dahl
på folkehøgskulen i Sogndal, og båe stader møtte han soleis friskt, nasjonalt
liv. Då han kom heim, vart han lærar ved folkehøgskulen i Sogndal. I mest
ein heil mannsalder var han der, og ungdomane drog han til seg, som berre
få maktar å gjera det. Lentug og morosam var han, og hadde eit utifrå lag
til å få liv i flokken. Og pedagog var han reint framifrå. Det høve han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free