- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
204

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

204
Ungdomshuset i Fresvik
i direksjonen for fylkesbåtane. Han er enno heilt med i arbeidet, ein kvik
ungdom på 70 år.
Lærar Olav Sande frå Leikanger stod i mange år i fremste rekkja i det
nasjonale nybrotsarbeidet i Sogn. Han var med og skipa ungdomslaget i Leik
anger, og stod som formann der i mange år. Han hev havt mange inter
essor og er mykje kjend for sitt arbeid med folketone- og folke-minnesamling.
Lasse Trædal var med i fyrste styret i Sogns ungdomslag, og hev vore
med seinare og. Han hev ofte tala på stemnone. Han hev teke sin lut av
det nasjonale arbeidet, både heime i Sogn, og i stortinget.
Av dei som hev vore med i styret for Sogns ungdomslag og elles hev
gjeve mykje av sitt arbeid til den frilyndte ungdomen, karm nemnast bonde
Svein Åse frå Vik, klokkarane A. Skeide og N. Tjønn frå Leikanger, bonde
Anders Slinde frå Norum i Sogndal, bonde Hans Bøthun frå Fresvik i Leik
anger, og handelsmann Per Wangen frå Aurland.
Sogns ungdomslag hev no arbeidt i 25 år. Mykje av det nasjonale
arbeidet er undangjort. Men mykje stend att. Dei fleste prestar preikar
dansk, og embetsmennene elles brukar dansk. Det fær verta ei av hovud
uppgåvone i dei komande 25 år å få dette med yver på norsk grunn.
OLAV TVEIT.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0214.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free