- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
212

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

212
Minnestytte over statsråd
Bård Haugland
reist av Stord ul. 17.
mai 1919.
uppgåvor og arbeidsvegar innan lagi — og desse sam
komor hev vore både gilde og nyttelege.
Det som det gjeld er, at ein i alle steg i ungdoms
samskipnaden — einskildlag — fylkeslag og landslag —
er med og skapar både arbeidshug og arbeidsdug hjå
lagsfolket — og steller seg so at det vert samspel i ar
beidet. Det er i fyrste rekkja eit uppsedingsarbeid me
treng.
Dei forretningstiltak Hordalands ul. no er med i er:
1. L/L Norskt Herbyrge, Bergen. 2. L’L «Gula
Tidend», Bergen. 3. L/L Landsbanken, Bergen. 4. L’L
Hordaheimen, Bergen. 5. L/L Bondeheimen, Voss. 6.
L’L Folkvang, Stord. 7. L/L «Sunnhordland», Stord.
Den norske kunsthandverkskulen på Voss er Hordalands ungdomslag
åleme um.
Pengetilskot hev Hordalands ungdomslag vore med og gjeve eitt eller
fleire år til: 1. Ungdomspresten i Bjørgvin bispedøme i 5 år. 2. Sunnhord
lands folkehøgskule i 3 år. 3. Fana folkehøgskule i 2 år. 4. Norsk gymnas
på Voss i 2 år.
ANDREAS LISET.
HARDANGER UNGDOMSLAG.
I. TIDI FYRE 1913.
Soga um den frilyndte ungdomsrørsla i Hardanger karm ein taka i tri
bolkar.
Fyrste tidbolken rekk fram til 1897. Det er nyreisingstidi. Det veks
upp ungdomslag kringum i Hardanger-bygdene. Men lagi arbeider kvar på
sin stad og vantar samband.
So vert «Hordalands ungdomslag» skipa 1897. Det er ein samskipnad
for heile fylket, og Hardanger-lagi er med der, og er ifrå fyrst av den frau
digaste grein på treet.
Men etter kvart som nye lag reiser seg i alle luter av fylket, vert det
meir og meir klårt at samskipnaden femner for vidt. Han råder ikkje med
arbeidet, karm ikkje gjeva einskildlag! den hjelp dei treng. Og so skil ung
domslagi i Hardanger seg ut av det samlag dei sjølve hadde vore med og
timbra upp. Dei skipar sitt eige fylkeslag, «Hardanger ungdomslag», 1913.
Hardanger er ein av dei landslutene som var tidlegast ute i ungdomsarbei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free