- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
213

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

213
Johs. Helleland,
fyregangsmann for ungdomsarb.
i Hardanger.
det. Ein karm ikkje
segja at rørsla hev
sitt upphav i Hardan
ger; ho voks fram av
krefter og tilhøve som
galdt heile landet.
Men liksom sume
gardar er fljotare enn
andre fordi dei ligg
sers lagleg og mot
soli, so fann ung
domen her tidleg ut
løysing og form for
det som æste og
Torgeir Utne,
fyregangsmann i ungdomsarb.,
skipa Utne ul.
grodde i ungdomshugen alle stader i siste halvparten av det 19de
hundradåret.
Det var for det fyrste botidehugen som vakna til reaksjon imot den
ovmektige by- og embetsmannskulturen. I so måte var rørsla politisk under
bygd av bondepartiet under førarskap av slike som Ueland og seinare Johan
Sverdrup. So kom heile bonderomantikken kring midten av hundradåret, og
styrkte bondevitet som aldri fyrr. Bøndene fekk vitnemål av kunnige og
ofte by-fødde menn for at dei hadde ein kulturarv av rang. I tonar og
litteratur, i bygningsstil og kunsthandverk, i klædebunad, i sed og mål hadde
dei kulturemne med sermerkt norsk svip og som nokre år fekk mest heile
intelligensen til å vogga i draum um ei nasjonal åndeleg atterføding. Til
Hardanger kom Adolf Tidemand og måla folkelivsbilete som var fyllte av
poesi og vart namngjetne jamvel i utlandet. Og til slutt slo ein annan må
lar og ein diktar og ein tonekunstnar i bokstaveleg meining ring um Tide
mand og la slik helg yver eit stykke bondeliv at ettertid! ikkje hev kunna
gløymt det sidan: «Brudefærden i Hardanger».
Eit veldigt innlegg for bondehugen og bondelivet kom Bjørnstjerne
Bjørnson med i bondeforteljingane sine. Ikkje minst i Hardanger vart det
sterk etterspurnad etter «Synnøve Solbakken», «Arne» og «En glad gut».
Her karm ein med rette segja at ungdomen las so auga vart stort og vått.
I 1844 kom Ivar Åsen til Hardanger. I Ullensvang budde han i tvo
månader. Etter det han hev skrive i dagbøkene sine, må han ha vorte ret
teleg glad i hardingane (Skrift, i saml. 11. b. s. 148). Og då han sidan la
fram ordboki si og grammatikken og sende ut «Symra»-songane og «Ervin
gen» og i det heile staka ut vegen for ei norsk målreising, so vart hardin
gane ikkje mindre glade i han. Den bondebyrgskap som der var noko av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free