- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
219

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

219
Ul. Samhald"
{1912).
R. Øvstegård,
som fekk Aksnes ul.
(skipa 1885) og Vikøy
ul. (skipa 1895) til å gå
saman i eit lag, Samh
ald", har sidan vore
formann der.
Utne ungdomslag
(1896).
Jakob Aga,
form. 1896-1902.
Lars Råen,
fyregangsm. i laget
dei fyrste åra.
lærar Knut Sekse, Fykse ul. med korporal Peder O. Froestad som fyrste
formann.
Strandebarms ul. og Omastmndi ul. vart reiste 1895. I det fyrste av desse
tvo stod postberar Heine Linga som formann dei tvo fyrste åri.
Utne u. vart skipa 1896. Fyrste møtet var kalla saman av Jakob Aga,
seinare bankstyrar, og lærar Torgeir Utne. Men i røyndi hadde Torgeir Utne
drive som eit slag ungdomslag på garden fyrr. Han var ein ungdomsven
av eit sjeldsynt slag og fortener å verta nemnd her av fleire grunnar. Han
var jamgamal og leikebror med bilethoggar Lars Utne. Gutane gjekk i skule
hjå John Klæbo, som budde på Utne i tvo år og skulde freista verta kvitt
tæringi si i den mjuke Hardanger-lufti. (Han ligg gravlagd på Kinsarvik
kyrkjegard). Torgeir gjekk sidan på amtsskulen på Utne og lærarskulen på
Stord, var so lærar i Eidfjord, men kom attende til Utne og vart handels
styrar og hjelpesmann i Kinsarvik sparebank. Det er i denne tid han tek til
å samla ungdomen um sundagskveldane. Han røder og syng med deim,
les og fortel og skipar Utne leselag. So fer han til Amerika, men kjem heim
att 1893. Han ryd seg eit tun i utmarki, plantar tre, kjem med i herads
styret vert formann i likningsnemndi og brukar «norsk i protokollane».
I 1896 er han som fyrr nemnt med og skipar ungdomslaget på Utne.
Året etter skulde det vera ungdomsstemne på Stord, og der var det då
ungdomslagi gjorde alvor av å skipa seg saman i eit fylkeslag. Tocgeir Utne
vart sett til formann i den nemndi som skulde få samskipnaden i sving. Året
etter, på ungdomsstemna i Strandebarm, la han fram melding frå skipings
nemndi, rekneskap, framlegg’ til lover. Ingen var i tvil um at han var likso
klår i hovudet som han var varm i hjarta. Og so nokre vikor etter er han
burte, vert brått sjuk, må på klinikk, stryk med. Det var eit stort tap for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free