- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
220

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

220
Strandebarm ut., skipa 1895.
Heine Linga,
skipa laget, form.
1895-97 og 99-1900.
H. T. Bm,
form. 1907-10.
S. O. Lothe,
form. 1910-13.
ungdomsrørsla i Hardanger at han ikkje fekk vera med lenger, so offerglad
og dugande som han var.
Her er alt nemnt eit par ungdomsstemnor. Dei lyt hava ein bolk for
seg sjølv ; her vert berre teke med dei stemnor som hev vore i Hardanger.
Den fyrste var i Dimmelsvik 1893 med fyredrag og talar av Erik Vullum,
Margrethe Vullum, Lars Eskeland, Oddmund Vik, A. Lea, Ragnvald Sæve,
Stein Hauge, Johannes Lavik og Færevåg. Det låg ein underleg dåm av vår
og høgtid yver både denne stemna og dei som kom seinare. Strålande var stemna
på Lofthus 1895. Der tala Johs. Helleland, Andreas Austlid, stiftsarkivar
Hermansen, høgskulestyrar Hambro, O. Olafsen o. fl. — På stemna i Norheimsund
1896 tala Johs. Helleland, Klaus Hansen, Oddm. Vik, Johs. Brochmann,
fru Elisabet Brochmann, Peder Svendsen, Lars Eskeland, prost Christie,
Hermansen, pastor Klaveness, kand. teol. Piene, lærar Olav Lid og høgskule
styrar Stein Hauge. Skodespelar Gustav Thomassen las upp. I Ulvik 1901
heldt Olafsen preike i kyrkja fyrste dagen. Det vart skikk no at der skulde
vera ei gudsteneste på stemnone; Blix-salmane kom i bruk. På Lofthus
stemna 1904 preika Jakob Sletten på landsmål. Stemna i Norheimsund 1 908
var den veldugaste ungdomsstemna som til den tid hadde vore i Hordaland.
5000 menneske var samla. Talarar var: R. Haugsøen, skulestyrar Sigmund,
J. Løvland, Håkon Åsvejen, O. Olafsen. R. Rasmussen song. «Unglyden»
skreiv etter den stemna: «Å sjå ein ungdomsflokk på so mange tusund so
livsfrisk og uppvekt og fin og med slik søma som her ein såg, det er slikt
som må fylla ein med gleda og von og tru på folket vårt». — Ei svært
stor stemne var ogso den i Øystese 1912. Der tala Lars Eskeland, Olav
Vevle, Knut Markhus, riksråd Castberg og Jens Råbe.
Ein karm mest ikkje verdsetja desse stemnone for høgt. Dei hev etter
kvart og vorte noko som landet laut rekna med. Det kom til å stå age av
deim, og dei beste talarar i landet sette si ære i å få vera med.
JON MANNSÅKER.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0230.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free