- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
223

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

223
Torstein Lofthus,
form. i Ytre Hardan
ger fyrelesingslag frå
1917, form. i Øystese
ul. frå 1914.
lag for Ytre Hardanger. Båe desse lagi
arbeider i nært samband med Hardanger ul.
og formennene i fyrelesingslagi er sjølv
skrivne styreslemer i Hardanger ul.
Fylkeslaget si stode til storindustrien
var ogso framme til dryftings. Serleg var
det framme tanken um å skipa bondehei
mar i industristadene. Dette året hadde
fylkeslaget havt si fyrste vinterstemne på
Lofthus. Fotograf Lofthus vart formann i
Ytre Hardanger fyrelesingslag og N. Skår
Elias Sekse,
form. i Indre Hardan
ger fyrelesingslag
sidan 1919.
vart formann i Indre Hardanger fyrelesingslag. Talarar på stemna var presten
Mannsåker, kapt. Edv. Os, ingeniør Seip og sokneprest Olafsen.
I 1918 var årsmøtet og stemna på Utne. Umframt fyredragsverksemdi
hadde det denne vinteren vore ei 3 dagars vinterstemne på Hardanger folke
høgskule Kring 50 sendemenner møtte, og der vart halde fyredrag av
Lars Kinsarvik, Jon Mannsåker, presten Haugsøen, sokneprest Anker og høg
skulelærar Anders Skodvin. På Utne-stemna tala bispen Hognestad, prof.
Hægstad og Jakob Våge. Det høvde so at dei tvo fyrstnemnde då var
lærarar ved prestemålskeidet, som just då vart halde på Hardanger folke
høgskule.
I 1919 var årsmøtet og stemna i Øystese. Der var no innmeldt
i samskipnaden ialt 33 lag. Vinterstemna vart dette året ikkje halde sidan
spanskesjuken gjorde det umogeleg. Årsmøtet vedtok og å stydja fråhalds
folket ved forbodsrøystingi.
Skulestyrar Jon Mannsåker som no hadde stade som formann sidan
Hardanger ul. vart skipa i 1913, og arbeidt samskipnaden fram i desse fyrste
og vandaste år, bad seg no friteken for formannsyrket. Til ny formann vart
vald høgskalelærar Anders Skodvin.
På Øystese-stemna var gudsteneste ved prost Johs. Barstad, og elles fyre
drag av generalsekretær Lange og Henrik Rytter. Det norske spellaget synte
fram eit spelstykke. På dei fire siste årsstemnor var det, attåt det fyrr nemnde,
ogso halde gilde kyrkjekonsertar. Dette gjorde ikkje lite til å gjeva festdåm
yver lyden.
I 1920 var årsmøtet og stemna i Jondal. Av talarar tinga av fylkes
og fyrelesingslagi var det halde 141 fyredrag det året. Fylkeslaget hadde
ogso arbeidt for at norsk mål måtte verta teke i bruk i dampskipslagi i
Hordaland fylke. Ei vinterstemne var ogso dette året haldi på Hardanger
folkehøgskule. Der møtte 55 sendemenner. Fyredrag vart haldne av Manns
åker, B. Th. Anker, presten Haugsøen og høgskulelærar Skodvin. Årsmøtet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free