- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
227

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

227
Oberstløytn.
Sophus Christensen.
Prof. Sem Sæland,
(ungdomsbilete).
Lærar J. Vadla,
med i fylkeslagsstyret
i 6 år.
var ogso norskdomsven som fleire andre av dei byfødde. Og so var dei
heilhuga sjølvstendefolk i politikken alle. Det syner ogso songane, ikkje
minst ein som Jens Tvedt hadde skrive til laget.
Noko um dei ytre tilføre til skipingi er nemnt framanfor. Det var sams
arbeid for norskdomssakene då, t. d. å vekkja fedrelandselsk og nasjonal
kjensle, som vilde ha mykje å segja for vår politiske fridomsstrid like eins
for norskmålssak, og for reisingi av ein norsk heimleg kultur og for reising
av bonden, reising av ungdoms- og folkehøgskulen og alt som fylgde med
dette. Og for mange var det attåt å få ei reising mot drykk og ulivnad
til bate for eit sedelegare og reinare menneskeliv, for ein høgre moral og
eit betre kristenliv.
Soleis som arbeidet hadde teke til heldt det fram med ei stor ungdoms
stemne til aaret.
Soleis var det sumaren etter skipingi stor stemne i Stavanger d. 24. juni
1896 i Turnhalli med foredrag av kaptein Christensen, Anders Hovden m. fl.
Rasmus Løland hadde for høvet skrive ein «Stevleik», som vart sungen
for fyrste gong her.
Den 25. juni var det årsmøte. Av årsmeldingi gjekk det fram at ikr.
2000 no var med i samskipnaden frå dei ymse lag i Rogaland.
Um kvelden var det sers framsyning på Stavanger teater der dei spela
«Ervingen.-» av Ivar Åsen.
Elisabet Edland, Olaf Ådnøy, Knut Byrkjeland, Johs. Gil/,
fyregangsmenn i ungdomsarbeidet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0237.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free