- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
230

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

230
galand ein av sine beste menn. Det er vel ingen i Rogaland som har ofra
seg meir for denne saki enn Salveson.
Han har ogso vore styresmann i 20 år, 1898 — 1918, lenger enn nokon
annan. Han var i 8 år formann, i 12 år varaformann.
Fyrr hadde samskipaden gjort lite eller inkje for arbeidet i einskildlagi.
Men på Salveson si formannstid vert det nye vegar og måtar som verka
utyver i kvar bygd i Rogaland.
Årsmøti og stemnone vert frå no av lagde for det meste til bygdene.
Og so vart det fleire småstemnor attåt hovudstemna
Det vart skipa med foredrag i einskildlagi. Salveson sjølv var paa ferde
jamt når han kom seg frå, og han fekk andre til. So var det eit truge brev
skifte med lagi um eitt og hitt. Og den vaknande interessa for norskdoms
sakene og det andre millom ungdomen i fylket var løn nok for idealistane.
Etter kvart fekk samskipnaden skrapa saman nokre kronor av årspengane
frå lagi og overskoti på stemnone, og desse vart då nytta til framande fore
dragshaldarar som reiste ikring til lagi. Dette gav meirsmak og vart etterkvart
årvisst, gjerne med fleire framande talarar. For kvart år auka det ogso med
folk på foredragsmøti i lagi, og lagi vann vyrdnad ogso millom dei eldre
i bygdene. Attåt dette uplysningsarbeidet fekk Rogalands ul. lagi til åta
upp arbeidet for treplanting, kveldskular, boksamlingar o. 1. og dette hadde
ogso mykje å segja for lagi og for bygdene.
Salveson gjorde ogso upptaket til Rygjalaget som han var formann for
i fleire år. Enno er Salveson ofte paa ferd og talar for Rogalands ul., og
trass i sine 67 år er han ein frisk og modig ungdomstalar og like uppglødd
for den frilyndte ungdomsrørsla som fyrr.
Den som kom til å ta upp arbeidet etter Salveson var Søren Øvretveit.
Han vart fyrste gongen vald inn i styret 1903. I 1905 vart han varafor
mann og var det til 1911, då han vart vald til formann i staden for Åmund
Salveson, som no bad frå seg atterval. Seinare har Øvretveit vore form. i
samskipnaden.
I 1899 fekk han sin eigen skule på Kleppen, Jæren, Jærens folkehøg
skule. Der har han vore grunnleggjar og styrar sidan og arbeidt denne
skulen upp til ein av dei fremste folkehøgskulane i landet. Det var ofte
harde tak både for Øvretveit og kona hans.
Øvretveit er og god jordbruksmann, har gått vinterlandbruksskulen i
Oslo og har og arbeidt i hagen på jordbrukshøgskulen på Ås ein sumar.
Og desse jordbrukskunnskapane har han nytta vel på skulen i upplæringi
for jærbuungdomen. Utanum skulen har han drive eit gildt jordbruk att
med og i seinare år gjort store nybrot på heiegarden sin i Helleland.
Av serskipnader Rogaland ungdomslag har reist må fyrst nemnast mållag

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0240.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free