- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
238

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

238
upp spursmålet um åfå skipa ein Bondeheim i Stavanger. 3 mann vart
valde til å greida ut spursmålet um det var høvelege hus å få. Til dette
vart valt: Søren Øvretveit, Alfred Oftedal og Johs. Gill.
Og på årsmøtet «26. juni 1915 kunde styret melda at dei hadde kjøpt
Ropeid hotell.
Til det fyrste styre for Bondeheimen vart valt: Alfred Oftedal, Søren
Øvretveit, formann, Johs. Gill, Edv. M. Jåtun og Aake Hauge. Til styrarinne
vart sett frk. Signe Eide frå Vikedal.
So gjekk me i gang med umskiping og innreidnad og fekk etterkvart i
stand alt og opna.
E. J. Friestad vart teken til å styra med hovudrekneskapen og elles stå
fyre drifti.
No hadde styret kjøpt ogso Øvre Holmegata 12, huset ved sida for
45 000 kr. Me tok eit lån att på 20 000 kr. mot pant i dette huset og 27
garantistar. Me innreidde dette i samhøve med det fyrste huset, som etter
kvart vart skipa um med meir tidhøveleg matstove og kjøken o. s. b.
I sept. 1917 tok den fastlønte forretningsføraren Magnus Våge tilsynet
og hovudrekneskapen for Bondeheimen. Same året d. 12. okt. vedtok styret
i R. ul. å kjøpa Nedre Holmegata 9 for 65 000 kr. Dette vart då ogso
innreidt til hotell og med ein gong sett saman med dei to fyrre husi.
Me maatte atter ta eit større lån mot pant og garantistar. Men alt gjekk
bra. Drifti svara seg godt, og overskotet auka år for år, trass i dei store
rentor. I 1919 gjorde vi ei storveges umvøling, pussa upp, måla o. a. og
fekk eit serskilt vaktrom innreidt, like eins skipa me til ei ny mat- og kaffi
stove i kjellarhøgdi paa hyrna mot 0. Holmegt. og Valberggata. Like eins
fekk me innlagt eit fullt moderne dampvaskeri til Bondeheimen. Der får ein
klædi vaska og strokne og fullt ferdige til bruk på nokre fåe timar.
Bondeheimen har no ikr. 50 senger til burtleige åt gjester.
Med tidi vonar vi å få riva ned desse gamle husi og byggja uppatt eit
fullt moderne og tidhøveleg hotell.
På nyåret i år gjekk R. ul. ogso i gang med ein kolonial- og feitevare
handel attåt ein tobakk- og frukthandel i kjellarhøgdi til Bondeheimen Vol
berggata 9, Bondeheimshandelen me kallar. Her tek fyrst og fremst hotell
Bondeheimen med matstovor og like eins Kaffistova til R. ul. Sandnes, sine
varor.
Sauda ul. leigde hus av Chr. Næss, Sauda, og innreidde ei bra kaffistove,,
som vart opna 25. sept. 1915. Helmert Ringhagen og Andreas Molla, to
lagsmenner i ul., bruka fritidi si til å innreida kaffistova for inkje. Og ei
lagsgjente, frk. Laura Høiland, var fyrste styrarinna. Og stova vart ein ko
seleg stad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free