- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
241

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

241
framsyning av spelstykke på norsk mål og ymse anna til alvor og gaman.
Umfram dei upprekna stemnor, har einskilde ul. frå ymse bygder ofte skipa
seg saman til småstemnor. Og R. ul. har av og til ogso hjelpt til ved
slike høve.
R. ul. har stått i Norigs ul. sidan 1897 med namnet Rogalands ung
domssamlag. Det har vore til stor nytte å stå i landssamskipnaden, i fyrst
ningi til å vera med å halda liv i fylkeslaget då ein fekk uppgåvor til arbeid
frå Norigs ul. I seinare år har ein ogso fått talarhjelp o. I.
Saman med landssamskipnaden har fylkeslaget vore med i søknader til
storting og [riksstyre um norsktalande stiftskapellanar i Nidaros, Bjørgvin
og Agder bispedøme og like eins i å få Hognestad si umskrift av tekstbok
og ritual på norsk.
Noko av det beste til å auka landslaget si nytte for fylkeslag og ein
skildlag er å senda ferdatalarar og like eins setja ungdomsleidarkurs i gang
i kvart fylke.
Den største og viktugaste uppgåva for den frilyndte ungdomssamskipna
den er å gjera meir kraftigt arbeid for det norske målet og den norske
kulturen i det heile. Like eins styrkja bondebygdene økonomisk og attåt
hjelpa fram ein betre skuleskipnad for desse. Bondeungdomen må vera
mergen i landet.
I fylkeslaget står no 35 lag. Av desse er 2 serlege mållag attåt.
19 lag som har vore i samskipnaden har no gått ut. Berre eit par tri
av dei lever framleis.
Det finst og nokre frilyndte ul. som ikkje har vore i samskipnaden.
— Årsaki til at fleire av desse lagi som no lever, ikkje er med i sam-
skipnaden er at dei vil ha den framande runddansen paa festane sine. R. ul.
sine lover gir ikkje lov til dette.
Dei eldste lagi i samskipnaden er Jåtun ul. som er skipa 1882, Års
voll ul. 1885, Fjellbygdi ul. 1890, Tunheim ul. 1890, Vormedalen ul. 1891,
Bråstein ul. 1893, Idun, Høle 1893, Malmin ul. 1896.
MAGNUS VÅGE.
VEST-AGDER UNGDOMSLAG.
I 1893 var — etter innbyding — ungdom frå Vest-Agder samla til møte
i Mandal. Møtet var truleg halde noko utpå hausten. Her blei fylkeslaget
skipa. Det blei då kalla V.-A. ungdomssamlag. V.-A. fylkeslag er og av og
til nytta. Men det offisielle namnet nå er Vest-Agder ungdomslag.
I fyrste lagsstyret blei fylkeskontorist Axel Tobiassen formann, i styret
16 — Norigs Ungdomslag

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free