- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
249

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

249
Hauststemna i Vest-Agder ungdomslag på Hægeland 1913.
nadene — og einskildlaga med — bør setje alt inn på å løyse dei mange
praktiske opgåver som ligg føre : Arbeid for åfå leggje skulane over i meir
praktisk leid. Skulehage attmed kvar einaste skule, meir praktisk sløyd, gym
nastikk og idrott inn i skulen — ikkje berre som daudt vedtak; men fullt
effektivt etter dei planar som er sette op. Idrotten må allstad og i dei
ymse former reisast. Distriktslaga for idrott må få all den stønad ungdoms
laga kan gjeve. Og samarbeid millom dei to organisasjonar innan fylket
er naudsynt.
Folkebad bør bli reist i kvar bygd. Jordspørsmålet krev kanskje hovud
interessa. Men eit so stort tiltak treng nemndførebuing og utgreiing av
fagkunnige folk før einskildlaga bør eksperimentere i nokon større mun.
Om opgåvene elles segjer lærar Røskeland: Kraftig arbeid for at me som
,folk må vinne fram til heilt og fullt kulturelt sjølvstende. Her er ennå langt
att. I det spørsmålet står me nå omlag i same stoda som me med omsyn
til det politiske sjølvstende stod i 1892. Halve nasjonen stritar ennå imot.
Kraftig arbeid for å stanse eller i alle fall minke på utflyttinga frå landet
til byane. Det må noko gjerast med å halde fram for dei unge føremunene
med åbu på landet. Dette blir lett overset. Ein må og arbeide for at dei
Jon Åsen. O. Galteland. Stortingm. Fuglestvedt. T. Leirkjær.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0259.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free