- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
274

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

274
livskraft; og veikare og veikare vart det, so til
slutt sovna det heilt av. Einskildlagi innan
forbundet stod då ei tid utan nokon samskipnad,
og litt um senn kom dei med i fylkeslaget att
alle, so nær som eitt som enno stend åleme.
Fylkeslaget som lag hev ingi eige å tala um,
men som samband millom einskildlagi hev det
si uppgåve. Og samhaldet er godt. Det stend
no 15 ungdomslag i fylkeslaget, med til saman
1009 medlemer.
Den som frå fyrste stund stod i brodden
og fekk fylkeslaget skipa var som sagt jærar Ola
Ellingsgard. Men han hadde sjølvsagt mange
hjelpesmenn. Her kan det vera på sin plass å
Kyrkjesongar S. Reinton.
nemna tri menn som alt i mange år hadde stade som merkesmenn for frilyndt
og nasjonalt arbeid i Hallingdal: kyrkjesongar S. Reinton, Hol, lærar E.
Bækkestad, Ål, og kyrkjesongar, stortingsmann H. A. Berg, Gol. Desse tri
hadde hjelpt mykje til å fyrebu ungdomsrørsla i dalen, og tok ogso tak
med i lagsarbeidet frå fyrste stund. Av andre som studde uppunder då
fylkeslaget vart skipa kann nemnast Asle Wad, Flå, lærar I. Lødøen, Nes,
O. Rirneslåtten, Gol, o. fl.
Noko ytre tilføre til skipingi av fylkeslaget er det snautt, utanum det som
alt er nemnt. Ein må vel likso snart kalla det «indre tilføre». Det var
interessa for ungdomssaki. Vissa um sanningi av det gamle ordet, at sam
hald styrkjer. Det var klårt at arbeidet kunde drivast sterkare, og måli set
jast høgre ved samskiping.
Fyrste åri hadde fylkeslaget eit hektografert blad, «Fjellmann», som vart
sendt til alle einskildlag. Fylkeslaget sende då
ogso talarar kring, og fekk upp fru Garborg til
å halda nokre skeid i folkeviseleik. Og so var
det dei årlege stemnor. Det vart fyrst lovfest
at dei einskildlagi som tok på seg å skipa til
ungdomsstemnor, kunde få upptil 50 kr. i tilskot
av fylkeslaget. Men so viste det seg snart at
stemnone bar godt kostnaden sin sjølve, og jam
vel gav overskot. Lovparagrafane vart då brigda
slik, at fylkeslaget skulde ha overskotet av stem
none, so nær som av matsalet; det fekk einskild
laget råda med som det vilde.
I 1908 vart Hallingdals folkeakademi skipa. Skulestyrar Ola Ellingsgard.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0284.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free