- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
275

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

275
Det var frå fyrst av ein serskipnad, som nok på
ein måte stod under fylkeslaget, men hadde serskilt
styre, og arbeidde på eigi hand. Foredragslaget
arbeidde likevel tungt på denne måten, difor vart
det knytt nøgjare til fylkeslaget, soleis at båe lagi
hadde same styre. Etter den tid hev det gjenge
greidåre. Fylkeslaget hev ogso sett i gang ein
vevskule med tvo trimånads skeid kvar vinter.
Vevskulen hev tolleg god søknad, og vil vonleg
hjelpa godt til å halda uppe interessa for veving.
Vidare hev fylkeslaget stade i nært samband
med Hallingdals sogelag, og gjeve det litt penge
studnad. Dokter H. Bruun.
På dei årlege ungdomsstemnone hev fylkeslaget i mange år skipa premie
skjoting, men det er ikkje skipa serlege skyttarlag innan samskipnaden.
Idrott hev ogso fylkeslaget havt på saklista si, og nokre år heldt det årlege
vetterstemnor, med skirenn, og gjerne kappleik på fele og langeleik, kapp
dans, foredrag o.s.b. Nokre år var det tevling i fri idrott på sumarstemna.
Nokre idrottslag var ogso medlemer i samskipnaden. I dei seinara år er
Hallingdals idrettskrins skipa, den hev teke seg av idrottsarbeidet i dalen.
Fylkeslaget hev fyrst i år fenge seg noko lagsbruk : Kaffistova på Geilo.
Me hev leigt rom til dette. Då kaffistova enno ikkje hev vore i gang meir
enn eit halvt års tid, er det for tidleg segja noko um koss det vil gå. Men
det teiknar ikkje verst. Søknaden er god, til å vera på ein ikkje større stad.
Laget hev ikkje fastlønt skrivar. Det hev vore freista med at ein av
styresmedlemene vart pålagd skrivaryrket. Han skulde då ha 25 kr. i årleg
Fru Kaja Bruun,
form. i styret åt ul. nFram" i Aal,
fyrste kvinna i styret for N. ul.,
frå 1921.
godtgjersle for arbeidet. Dei siste åri hev for
mannen havt både skrivararbeidet og løni. Det
vil truleg verta turvande å gå til skipnaden med
skrivar att. Men han lyt ha nokc meir løn.
Faste ferdatalarar hev me ikkje. Dei talarar
som. reiser i foredragslaget, vitjar som oftast alle
lag. Elles kan det vera høvestalarar.
Av styremøte kan me ha 3—4 um året.
Mange saker vert elles avgjorde ved rundskriv.
Dei tri siste år hev fylkeslaget halde eit formanns
møte kvart år, med foredrag og ordskifte um
ymse lags- og ungdomsspursmål. Desse møti
hev vorte svært godt umtykte.
Laget hev havt god studnad av å stå i lands

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free