- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
281

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

281
Ole O. Ruud,
form. i Hovets sam
talelag 1885-88.
Hovets ungdomslag i Hol,
(1885).
Syvert O. Berg,
med og skipa sam
talelaget.
Stein O. Larsgard,
med og skipa sam
talelaget.
Ola G. Myrvoll,
veteran frå samtale
laget (skipa 1885).
Olav O. Larsgard,
form. i Hovets ul.
1918-20.
Dr. Bruun sa frå seg formannsyrket i Hallingdals fylkeslag 1911. Då
vart Arnfinn Breie formann. Han hev vore med i ungdomsarbeidet frå han
vart vaksen, og so snart han var røystefør, tok bygdi han i teneste både til
eit og anna tillitsyrke. No er han ordførar i Ål, og den fyrste ordføraren
i Hallingdal som brukar norsk i brev og møtebok.
1914 sa Arnfinn Breie seg ut som formann, og Ola Perstølen vart for
mann. Han er tilkomen hausten 1877, er skreddar m. m. og varamann
til ditt og datt. I 1902 gjorde han strandhogg i Hårek frå Tjottas rike på
Helgeland, og røva der ei kraft frå ungdomsarbeidet i Nordland: Dortea
Høyholm, og batt henne til «den huslige gjerning». Han sleivar på som
formann i fylkeslaget enno.
Av dei som hev fyrebutt arbeidet for Hallingdal fylkeslag og ogso vore
med i det, hev me fyrr nemnt desse tri Reinton, Bækkestad og Berg. Reinton
hev elles lagt ned største arbeidet sitt i Holets ungdl.
Erling Bækkestad var lærar i Ål til 1915. Han hev frå sin fyrste ung
dom vore med i alt framstegs- og upplysningsarbeid. Alt i åri millom
1870—80 skipa han saman med Reinton eit ungdomslag i Ål. Dei kalla
det elles samtalelag då, og namnet på laget var «Falkestugu». Dei hadde
eit handskrive blad som dei kalla «Smettar’n». Bækkestad kom tidleg med
i det kommunale arbeid og i politikken. I 1882 kom han soleis med i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free