- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
287

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

287
VALDRES UNGDOMSLAG*)
Kring hundreårsskif-
tet var det her i Valdres
ein del ungdomslag som
nyst var skipa, eller hadde
vore i gang nokre år
Tanken um at desse lagi
skulde gå i hop i ein
samskipnad kom no fram.
Det vilde visseleg gjera
mykje til å setja fart i
dei lagi som var og til
å få i gang nye. Beraren
av tanken var O. E. Bø,
Skulestyrar O. E. Bø. Skulestyrar Olav Rogne.
og kring han stod det mange gilde menner frå Øystre og Vestre Slidre
og Aurdal. Nemnast kan Knut O. Alfstad, Knut Jørstad, Olav Rogne,
Ole Thorsrud, Olav Moe o. fl. Bladstyrar Hovi hadde og i denne tid
skrive eit stykke i «Samhold» og der uppmoda valdrisane til å taka seg
av ungdomsarbeidet. I 1898 var det ei stor avhaldsstemne i Vestre Slidre.
Stemna heldt dei ute i det frie, og det møtte fram mykje folk. Dei
hadde foredrag der og vakker song, og mange tykte svært godt um
dette. Knut O. Alfstad bad då um at dei næste år måtte møtast i Øystre
Slidre, og slik vart det. Ungdomslagi «Fram» og «Heggeljom» og «Midtre
Hegge» ungdoms- og avhaldslag kalla so saman
den fyrste, verkelege ungdomsstemna her i dalen.
Ho vart haldi på Midtre Rogne i Øystre Slidre
den 10. og 11. juni 1899. Attåt foredrag var det
framsyning av skodespelet «Svein Urædd», dertil
fager korsong og nasjonal musikk. Det var ei
sværande gild og vellukka stemne. Etter upp
moding frå Knut O. Alfstad kom det saman
utsendingar frå 10 lag der, og Valdres ung
domslag vart skipa med Knut O. Alfstad til for
mann. Dei andre i styret vart: O. E. Bø, Knut
Jørstad, Olav Rogne og Ole Thorsrud. Det dei
fyrst og fremst vilde prøva på, var å skaffa dug Ordførar Knut O. Alfstad.
’) Laget heitte Valdres fylkeslag til 1919, då det av umsyn til dei nye fylkesnamni vart
umdøypt til Valdres ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0297.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free