- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
290

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

290
til so godt eg kunde ved stemnor, festar og samkomor elles, sumtid med
munnen og sumtid med fela, som den tid, før beljespelet hadde dåra folket,
hadde ei makt over ungdomen i Valdres. Arbeidet gjekk fort framover, so
ved stemna året etter skipingi hadde 20 lag meldt seg inn i samskipnaden.»
Det grunnleggjande arbeid med Valdres bygdemuseum vart gjort av
Valdres ungdomslag. Direktør N. Ødegård hadde skrive i bladi um at Valdres
burde samla på det gamle og ikkje sleppa det ut or bygdene. Knut O.
Alfstad kalla då (1901) saman til eit møte på Fagernes, og der kom folk
frå alle bygder i dalen. Der sette dei ned ei arbeidsnemnd med Knut O.
Alfstad til formann og O. E. Bø til varaformann, og desse to var det som
tok dei tyngste tak for museet den fyrste tidi. Dei fekk i stand ei stor
utlodding, tok til å samla på gamalt frå bygdene og la god grunn for vidare
arbeid.
I 1916 fekk samskipnaden i stand Valdres foredragslag, som med tilskot
frå stat og elles frå Valdres ungdomslag skal syta for foredragshaldarar åt
lagi. I foredragslaget kan og andre enn ungdomslag vera med, t. d. jord
brukslag o. 1. Kvart lag legg 15 kr. i årspengar. Formenner har vore
Olav Moe, som stod i brodden for skipingi av laget, og dr. Harald Lyche
som framleis er formann.
Lagsbruk har korkje Valdres ungdomslag eller einskildlag i samskipnaden,,
dessverre.
Det daglege arbeidet i Valdres ungdomslag fell på formannen, sidan laget
ikkje har nokon fastlønt skrivar. Det har ikkje havt råd med det til denne
tid. Av same grunn har laget brukt berre høvestalarar. Då dei fleste styres
lemer bur nokso langt frå kvarandre, og det mang ein gong er mødesamt
å få samla dei, blir telefon og rundskriv mykje nytta i staden for styre
møte. Dette er nok ikkje som det skal vera. Det fører m. a. med seg at
samarbeidet i styret ofte blir heller skralt. Men det er ikkje so greidt å få
vølt på det, og det næstbeste er og betre enn ingenting. Attåt rundskriv
o. a. nyttar me bladet «Valdres» ikkje so reint lite, serleg når det gjeld kunn
gjeringar til lagi.
At laget står i landssamskipnaden har visseleg mykje å segja både
for det sjølv og for einskildlagi. Her gjeld fullt ut Bjørnsons ord um
«å lyfta i flokk». Det går lettare då, og ein vil få meir mod til å halda
fram med striden, når ein kjenner seg som ein lekk i eit større samband og
har mange attåt som arbeider for same mål. Landslaget har elles vore til’
stor hjelp med å skaffa talarar til lagi og dei store stemnone. Mykje godt
upplysningsarbeid har vorte fremja på den måten. Til endå større hjelp
vilde landslaget bli, dersom det kunde senda ut fleire ferdatalarar og vidare
få til mange leike- og ungdomsleidarskeid, eller vera til rettleiding og stønad

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0300.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free