- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
293

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

293
Solabu, ul.,
skipa 1919.
Lærar og kyrkjesong.
Ivar Ødegard,
som skipa laget.
men det har og havt mange rike arbeidsår.
Eg har alt nemnt arbeidet for Valdres
museet og Valdres foredragslag. Vidare
må nemnast den trauste striden for ein
jordbruksskule for dalen. Det var nok
mykje strev og mangt eit tungt tak; men
skulen vart då endeleg skipa og har no
vore i gang i 5 år. (Olav Moe gjorde
her godt arbeid.) Før skulen kom i gang,
fekk Valdres ungdomslag etter samråd
med O. E. Bø, i stand ei jordbruksklasse
Hølera ul.
(1901).
Olaf Storsveen,
formann no.
ved Valdres folkehøgskule. Bø ofra mykje for denne klassa. Ho verka
godt i fleire år, og mang ein Valdres-ungdom fekk her si fyrste, ja kanskje
einaste upplæring i jordbruk — utanum det han hadde lært heime då. Det
er og truleg at ho hjelpte til å syna folk at ein jordbruksskule for dalen
vel kunde trengast. Dei mange gilde framsyningar av handarbeid på stem
none (etter upptak av Olav Rogne) har visseleg gjort mykje til å hjelpa upp
att heimeyrket kring i bygdene. I si tid fekk og laget til skeid i treskjering.
Arbeidet for hagebruket bør og nemnast, endå det vel kje har vore so kraf
tig og synt slike frukter som ein gjerne vilde ynskja. Laget gjorde og upp
taket til å få ein norsktalande ungdomsprest i Hamar bispedøme. Når ein
attåt dette kjem i hug dei mange upplysande og vekkjande foredrag Valdres
ungdomslag har fått til kring i bygdene våre, so vil ein nok skyna at laget
har sin store part av æra for den nasjonale og kulturelle framgangen i Valdres
dalen. Det er å vona at laget vil halda fram etter den lina og med det
arbeidsmod det hadde i sine beste år.
19 lag står no i samskipnaden og 13 lag har gjeve upp arbeidet. Grun
Ul. «Slidringen» ,
skipa 1912.
Agr. Gullik Teigstolen,
som i 1912 tok uppatt
og umdøypte Lomen ul.
(skipa 1898), formann
1912-16.
Ul. Fjellblomen,
Vang, skipa 1917.
Lærar
Bøye Wangensteen,
formann.
Ul. «Nylende»,
N. Etnedal,
skipa 1912.
Olav Tollehaugen,
skipingsmann.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0303.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free