- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
294

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

294
nen til at desse lagi har sovna er vant på folk til å taka seg av arbeidet.
Dei «gamle» har gått trøytte eller flutt frå bygdi, og so har det ikkje vore
nokon til å koma i staden.
Eit lag «Knoppen», melde seg ut or samskipnaden for fleire år attende
og har sidan ikkje kome med att. Ned gjenom åri har og nokre andre lag
gjort det på same måten; men det har då gjerne synt seg at dei snart har
sunge på siste verset. Slike lag har oftast kje sett seg onnor uppgåve enn
å få til moro, og berre på det kunde dei kje lenge leva. Dei har vorte
dansarlag, likesæla har meir og meir fått overtaket, og um ei liti tid har dei
sove trygt og godt. Årsaki til utmeldingane kan og vera t. d. eit anna syn
på målspursmålet enn det styret i Valdres ungdomslag har havt. Mange av
dei har seinare kome med att, når meir norsklyndte og framtøke folk har
kome i brodden for lagi.
Etter desse uppgåvone kunde det sjå ut som talet på einskildlag i sam
skipnaden hadde minka mykje; men slik er det verkeleg ikkje. Det hende
ofte at når laget i ei bygd hadde sove ei stund, kom det einkvan og vekte
det upp til nytt liv, og jamt fekk laget eit meir høveleg namn med det same.
Um arbeidet ein stad vart nedlagt, kunde det bli reist på ein annan, og
soleis vart det ei stendig skifting av lag. Nye og friske kom støtt i staden
for dei «gamle» og livstrøytte, og det var kje grunn til å anka på bytet.
Tvertimot. Det er å ynskja for ungdomen og framstegsarbeidet si skuld at
nye, sevjerike, sterke greiner vil syna seg og veksa fram, når dei gamle og
turre fell av og vert til inkjes.
Formenner i Valdres ungdomslag frå skipingsåret til no har desse vore:
Knut O. Alfstad frå 1899 til 1901, O. E. Bø frå 1901 til 1904, Olaus
Islandsmoen frå 1904 til 1909.
Islandsmoen er fødd i Bagn. Etter han ei tid hadde arbeidt ved ymse
ungdomsskular, vart han folkehøgskulestyrar i Brandbu, der han framleis er
Nokso lenge stod han i styret for Valdres ungdomslag. Eit par år hadde
han samstundes formannsyrket i både Valdres ungdomslag og Uppland fyl
keslag. Han har og vore formann i Norigs mållag og Uppland fylkeslag.
Håkon Skattebo var formann frå 1909 til 1911. Han verka mykje for
ungdomsarbeidet, både i si heimbygd Øystre Slidre, og vidare med. Stod
mange år i styret for Valdres ungdomslag. Han døydde for nokre år sidan.
Olav Moe var formann frå 1911 til 1916. Han er vestreslidring. Han
vart tidleg ein rein meister på fela og har gjort fleire spelferder både her i
landet og utanlands. I det siste har fela meir fått kvile. Politikk og praktisk
arbeid har mykje teke tidi hans.
Jon Ryan og Herman Karlsg"odt var formenn frå 1916 til 1917. Ryan vart
vald til formann i 1916, men då han reiste straks etter, laut Karlsgodt taka styringi-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0304.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free