- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
303

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

303
Ungdomslaget «Henrik Wergelands Minne», Fåberg, skipa 1904,
O. J. Lie,
som skipa laget.
Marit Trætengen,
form. 1914-15.
Harald Sørlien,
form. frå 1919.
byte dei ut. I mars fekk fylkeslaget i stand premiskirenn i Ringbu. Melding
um arbeidet i fylkeslaget 1905 —10 vart prenta og bytet ut til alle lag. Styret
sende ei uppmoding til dei einskilde lag um å få i gang skeid i heimearbeid
(trearbeid, veving, plantefarging o. s. b.).
Årsmøtet og stemna var på «Friheim», Jørstadmoen, Fåberg 5. og 6. juni.
Årsmeldingi synte at det stod 38 lag i fylkeslaget med 1403 lagsfolk. Lagi
hadde havt 414 møte og festar i arbeidsåret og 132 foredrag, 13 lag hadde
eige hus og 3 byggjefond. 2 lag hadde songlag. Boksamlingane talde
800 band. 21 lag var med i foredragslaget, 18 av desse hadde lova 25
kr. i tilskot og 3 lag 10 kr. kvar. Det var idrottskapping, konsert av
songkoret «Klang» frå Litlehamar og framsyning av spelstykket «Når enden
er god» ved lagsfolk i «Henr. Wergelands Minne».
1911 — 12 varsla styret alle lag um at dei ikkje fekk hjelp, korkje av
fylkeslaget eller foredragslaget, fyrr årspengane var betalte. Det vart ordna
med eit skirenn i Austre Gausdal. Styret vedtok å kjøpe eit ljosbilete-appa
rat med ljoskjelde åt fylkeslaget.
Årsmøtet og stemna vart haldne på Vinstra 27. og 28. mai. Møtet ved
tok at alle lag i fylkeslaget heretter skulde vera med ogso i foredragslaget,
og at det skulde verte 25 øre i årspengar til båe lag til saman.
Tretten ungdomslag, skipa 1898,
Fanej. O. A. Gillebo,
som skipa laget.
Lærar M. Haugen,
fyrste formannen.
Emil Stein,
form. frå 1918.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0313.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free