- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
322

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

322
TRYSALIR UNGDOMSLAG
Ole Paulsen,
fyrste form. i Trysalir (1897-98).
Trysil kom tidleg med i den frilyndte ung
domsrørsla Det leid nemleg ut i 1890-åra
innan den frilyndte ungdomsrørsla i det heile
tok åt å syne seg noko større — Norigs ung
domslag kom ikkje i stand før i 1896 — og
alt i 1892 kom ungdomslage «Trysil ungdoms
forening» i Innbygda i stand, og åre etter vart
det ungdomslag både i Ljørdalen og på Østby.
Og ikkje lengre ut i leksa enn åre deretter att
— 1894 — hadde ungdomsrørsla alt nått heilt
nord i Heggerise: møteboka åt Heggerise ung
domslag fortel oss at detta lage kom i stand
år 1894.
Je nemnde at det gjekk ei tid innan Trysil
ungdomsforening såg og forstod at det var ikkje nok å samlast til møte,
det laut og vera noko å samle seg om, ein tanke, ein idé, ei sak. Den
saka vart målsaka, i Trysil som i Hardanger, i Eksingedalen som i Sel.
Just denna vegen gjekk det dg med Trysil ungdomsforening. Det første
varsle i så måte er namne-endringa i 1897: «forening» går ut og namne
blir stutt og godt «Trysil Knut». Det er ein ung trysling som steller med
namne-endringa, ein som har gått seminarie i Elvrom og i samvære med
Eftestøl og Eskeland har vorte «fengd» av den nasjonale atterreisingstanken,
— den mannen som seinare kom så sterkt i framgrunnen just i det frilyndte
ungdomsarbeide, ikkje berre her i heimbygda Trysil, men og med tanke på
heile lande: Sven Moren. Fulla var han fam
lande og uviss han med enno ei tid frametter;
i minsto gjer han i somt just ikkje så mykje
av seg, men kan hende det helst kom seg av
at han vilde fara smått og varsamt. Han for
stod fulla at det var langt fram, så det galdt
meir om den lange truskapen enn den bråe
ofsen.
Men lenge gjekk det ikkje innan Sven Mo
ren stelte Trysil Knut andlet til andlet med mål
saka. På møte i Trysil Knut 12. febr. 1899
gjorde han opptake til det første mållage i
Trysil. Og det ser ut som tanken straks vann
ålmenn samhug. Det vart vedteke å gå i
Olme Lien,
fylkesj’orm. 1906-07, einaste kvinna
som har vore form. i noko fylkeslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0332.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free