- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
333

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

333
lar Ove Qvale og frk. Anna Karlstorp og
Bertha Tvengsberg som fekk det i gang.
Mengda av dei laga som fylgde fote
faret har vakna og sovna av, vakna og
sovna av att. Men dei 2 laga i Grue
har fylgt med og står i dag millom dei
mest arbeidsføre i fylket.
I 1 896, 97, 98 og 99 vart det skipa fleire Fru
Bladstyrar ° Ineebors Røstvang
Lars Kieiveiand Jaff b£de j Qrue Brandval, Eidskog, Vinger, %dd løvhaug.
(Indlandsposten). =»
Hoff og Odal ; men få av dei var liv laga.
Tida frå 1894 til 1900 vil vi helst kalla vekkjingstida. «Det var gode
greidor den tid,» skriv Madshus, «sogeemne vart dryfte i ei rekkje på 4—5
foredrag. Ibsens drama vart upplesne, spelstykke framsynte, —ja «Verdande»
gjorde endå det meisterstykket å skriva, setja upp og syna fram «En landsfor
ræder» på 14 dagar.» Og folk sat tvikrokute av lått, fortel blada frå den tida.
Det var ikkje berre nyfikna i arbeidet som skapte ihugen heller. Fleire
menn som sidan vart landskjende ungdoms- og folkeleidårar, var samla i
krinsen då. Vi skal nemna Olav Åsmundstad og Ole Haugen. Nokre av dei
mest kjende menn i krinsen var då i den mest arbeidsføre alderen: Gunnar
Setil, Gudbrand Haugård, P. Simensen, O. Fjeld, Sandvik, Kr. Lommerud,
m. m. fl. var alle uppglødde for ungdomsrørsla. Fylkesskulen flytte rundt
i krinsen, og lærarane Olafson og Kvisli stødde til på fleire måtar. I 1896
flytte Lars Kieiveiand til Kongsvinger og gav ut «Indlandsposten». Bladet
har både under Kieiveiand og Lars Hellesnes’s styring vore den faste tals
mannen for ungdomsarbeidet. Kieiveiand og Madshus var i fleire år faste
foredragshaldarar i laga, og dei tok seg truge av tanken um ein samskipnad
for laga i krinsen. Nokre av laga var ei tid innmelde i Eidsiva, og frå
Grue ul. var utsendingar sende til utsendingsmøte i Oslo t. d. Men alt
i 1897 var det nokre som klunka på at krinsen var stor nok tir å ha sin
eigen samskipnad.
I 1898 hadde alle laga i Grue — då 4 i tal — ei stemne i hop på
Furulund. Her vart det upplese fyrestev på norsk, «Rasjonelt fjøsstell» vart
framsynt og elles var det musikk og dans.
I «Indlandsposten» for ™U 98 kastar telegrafist A. Falckenberg fram tan
ken um å skipa eit «ungdomssamband» for laga i Solør—Odal. Han nem
ner at han året fyrr fåfengt hadde arbeidt for same tanken. Stasjonsmeister
Horn, Magnor, svarar at saka har vore på tale fleire stelle, og han trur at
vi snarast skal sjå samskipnaden som ei røynd. Utover året vert samskip
ingstanken dryft samstundes med at dei legg inn gode ord for ein folke
høgskule ved Kongsvinger.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0343.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free