- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
335

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

335
Frå eit festmøte i Lier ungdomslag.
Det gav «Varden» ein vyrdnad utetter at Hoel vart leidaren. Han var
roleg og ordhag. Med kraftig studnad av frk. Trøften fekk han til eit sam
arbeid med dei kristelege ungdomsforeiningane. Dei hadde endå ei årsstemne
saman, stemna i Mo og* på Sand for 1902. Dei «kristelege» sette upp
strenge vilkår med ultimatum; men «Varden» fekk likevel alt etter sitt syn.
Det var serleg to saker laga brydde seg um i tida 1900—06: byggja
lagshus og reisa bautasteinar til minne um falne feder frå krigsåra. Fylket
kunde vel inkje gjera; det skorta på pengar; men laga syner seg som reine
meistrar til å samla byggjepengar og byggevyrke.
Sume av lagshusa vart reiste ved lutteikning. Soleis Skotterud festlokale,
«Breidablik» i Brandval m. fl. Men mengda vart bygde upp ved gåvor,
ytte anten i vyrke, pengar eller arbeid. Det var tilfellet med Magnor ung
domslokale, «Fram» ved Grinder, «Furulund» ved Kirkenær, «Vestheim» på
Grue vestside, dei på Namna, Grue Finnskog, Østmarka, Lier, Galterud,
Sander og Vestmarka. Husa har no eit verde på 4 500 000 kr.
Alt i 1899 søkte P. Simensen stortinget um 10 000 kr. til hjelp for ung
domslag som vilde byggja eige hus. Framlegget fekk millom andre stats
råd Wexelsen til talsmann; men truleg var det best at ungdomen reiste hus
utan statsstudnad.
Minnesteinane ved Trangen, Lier, Skotterud, Jerpset, Sand og Matrand
er det ungdomslaga som har arbeidt fram. Fredsstytta ved grensa er det
nok andre som har fått upp; men ungdomslaga har hjelpt til.
Kvart lag arbeidde elles for seg sjølv. Ein ser lite til fylket utanum års
stemna. Rett nok vart spelmannen Olav Moe i 1904 send kring til laga i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0345.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free