- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
338

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

338
Frk. Signy Hoel. Lærar Peter Eide. Byggmeister
Kasper Hagen.
og gartnar Oddvar Lund upp saka påny, og det er mogleg dei får eit mv
seum i gang av restane som Glåmdals-museet har lagt att.
Jamt med museumsarbeidet heldt dei husflitssjå, i Åsnes 1910 og på Skar
nes 1911. Serleg det i Åsnes gjekk fint. Kring 400 ting, verdfulle, —
ein ser dei ikkje likare på noko sjå. Og det i Sør-Odal stod ikkje mykje
attende. Det var greidt å skyna her var ei arbeidsmark for ungdomslaga
som folk sette pris på. Det var tanken å kjøpa inn beste tinga frå desse
sjåa til museet, so ein kunde sjå voksteren framover i tida.
Det spørst um det ikkje var gale at eit seinare styre gav upp dette arbeidet.
Til motarbeiding av villdansen fekk fleire lag i 1907 frk. Klara Semb
frå Oslo til å øya inn folkeviseleikar. Likeins frk. Engebretsen og Schøyen
til å læra frå seg turdansar.
Alt i 1906 prøvde styret å få faste foredragsrutor i stand; men då fylket
ikkje hadde mynt, laut foredragshaldarane gjera alt gratis. I mange år søkte
styret um statsstudnad til folkeakademi; men fyrst i 1915 kom det i gang.
Formannen og fleire andre av styret laut difor mykje reisa rundt i laga. I
1909 og 10 gjorde presten Anker 2 turar. Formannen stelte det so at fyl
keslaget skulde leggja ut ein tridjepart, einskildlaga ein og formannen ein.
Det var mest gudelege og etiske spursmål han tala um ; men likevel forrekna
styret seg. Det var purt målstrev, heldt dei for, og ein dag får form. eit
tilskriv solydande: «Uten vor tilladelse har du sendt os en målprest på hal
sen, og stiller os attpå en regning kr. 15,—. De kr. 15,— får vi altså
betale; men herved melder vi os ut av «Varden». Formannen laut punga
hardt ut kvart år skulde arbeidet haldast uppe. Endå fekk han nedrakking.
Millom dei som trugnast arbeidde i denne tida kan nemnast Signy HoeL
Ho er dotter åt lærar Hoel frå Nord-Odal. Ho var lærar ved ein skule, i
Sør-Odal då. No er ho i Aker Møteboka syner at ho aldri var burte frå
noko styremøte.
Lærar Peter Eide frå Eikersundkanten må au nemnast. Han kom inn i
fylkesstyret i 1907 og var næstform. til 1912.
Byggmeister Kasper Hagen var med og skipa Grue ungdomslag i 1894

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0348.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free