- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
347

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDEUNGDOMSLAG I SYANE.
Den frilyndte nasjonale ungdomsrørsla har; ikkje nøgt seg berre med å verka på ungdomen
i bygdene. Ho greip bygdeungdomen so sterkt at ho ikkje vilde sleppa taket på han når
han kom til byen heller. Og soleis fekk vi frilyndte ungdomslag ogso i byane. Desse laga
vart kalla bondeungdomslag. På mange måtar har desse bylaga våre vore av serskilt verde for
arbeidet og framgangen både i åndelege og i reint praktiske spursmål. Nokre av dei eldste
bondeungdomslaga står beinveges innmelde i landslaget. Men dei fleste står innmelde i det
fylkeslaget som vedkomande lag soknar nærast inn til. Men anten dei no er tilslutta samskip
naden på den eine eller på den andre måten, so er dei ofte kjernelaga i samskipnaden vår.
Dei bør difor ha si serskilde umtale.
Det eldste av desse laga er
BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO
Dette laget vart skipa 15. oktober 1899 på «Hauges Minde».
Det var Klaus Sletten som etter samråd med bladstyrar Rasmus Steinsvik, Chr. Bruun
og ymse andre gode menner sette seg i brodden for åfå Bondeungdomslaget skipa. Fyremålet
finn ein"i dette uppropet i Den 17de Mai" for 13. oktober 1899:
Til bondeungdomen i Oslo!
Ungdom frå alle landsluter strøymer til hovudstaden.
Og det er ofte den framtøkaste og gåverikaste ungdomen
som fer dit. So kunde ein venta at alle dei bondefødde
vann seg rom og sette sitt stempel på byen, at dei bygde
ei borg for den nasjonale reisingi og for det åndsliv som
hev djupaste røter hjå folket.
Men landsungdomen vert gløypt av byen, han kjem
burt i all svermen. Og jamt vert han dregen ned i det
låkaste og ringaste bylivet Byen er kravfull. Det er
ikkje nok med at landsungdomen gjev den livskraft og det
arbeid som er eit av vilkåri for framgangen og voksteren.
Han vert og driven til å ofra alt det heimlege som hev
rot i inste hug og hjarta — målet, heimeskikken og
heimeseden, det ingen kan ofra utan å svida vengebroddane
og få ei sprunge i alt sitt liv, som ikkje noko kan grøda heilt.
For det er den dyrverdugaste eige for folket og den einskilde.
So skal ein då freista verta bymann og eigna til seg bykul
Klaus Sletten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0357.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free