- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
356

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

356
Hallingdølen Sigvat Tveito dansar halling på Bergenssjået 1910.
kom.serg. Hans Norr, skuleinspektør Olav Melkild, lærar David Hauge, lærar Olav Overå,
lærar H. C. Roti, lærar P. Julseth. Kjøpmann K. Hvidsten er formann no og dei andre i
styret!: lærarinne Ingeborg Håna, lærarinne Jensina Stafsnes, lærar Karl Flem og bankassistent
M. Opedal.
Dei to kvinnone i styret har i mange år vore mykje med i dei ymse greiner av lagsar
beidet, frk. Stafsnes radt frå laget vart skipa. Den einskilde mannen som har lagt ned det
største arbeid i Ervingen er vel David Hauge, som har vore formann i 10 år.
BONDEUNGDOMSLAGET I STAVANGER.
Bondeungdomslaget, Stavanger vart skipa 21. september 1900. Det fyrste styret var:
Magnus Våge, form., Sophus Thomsen, varaform., Kristian Larsen, kassestyrar, Nils Mehus,
Hans Øverland, Lovise Evertsen, Berta Våge, P. Ritland.
Det vart friskt liv i laget og gode og gilde møte. Spellag vart skipa og organist Karl
Svensen øvde inn norske tonar og fekk skipa eit songlag.
Uppgåvone for laget var mange, men det skorta pengar. Spursmålet um å skipa ei kaffi
stove kom so upp. Hausten 1903 vart sett ei nemnd til å arbeida med kaffistovespursmålet.
Nemnda fann ut at tiltaket vilde kosta um lag 1600 kr. Desse pengane fekk ein inn ved
lån på rentefrie skuldbrev på 5 kr. stykket. Rom vart leigt i Østervåg 25. Kaffistova vart
opna 28. jan. 19C4. Innreidnad og husbunad var laga etter gamal norsk stil og stova vart
ein gild, heimleg møtestad og fekk god søknad. Fyrste styrarinna var Guri Kyvik. Det
synte seg straks, at Kaffistova var eit godt tiltak. Fyrste rekneskapsåret (11 månader) var
nettofortenesta um lag 8000 kr.
Kaffistova hadde sitt eige styre og eigne lover. I 1911 vart det gamle posthuset Øvre
Holmegt. 20 selt ved auksjon og Bondeungdomslaget fekk tilslaget for 45000 kr. Huset vart
overteke 6. mai 1912. Det måtte ei stor umvøling til. I kjellaren vart innreidt kjøken, matbu,
bakarhus o. m. I fyrste høgda matstove, i andre høgda festsal med speltile og i tridje høgda
ein mindre møtesal, kontor og tenarrom.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0366.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free