- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
360

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

360
Vonheim, utferdsstaden til Losje Rogaland og Bondeungdomslaget
i Stavanger.
som hadde det til 1914, då bladet gjekk over til lutlag. Hausten 1917 vart det vedteke å
setja i gang eit prenta lagsblad (månadsblad). Bladet vart kalla «Bondeungdomslaget» o:
kom ut med fyrste nr. i desember 1917 med O. A. Vestbø til bladstyrar.
Alt fyrste året sette laget i gang spellag og songlag. Men seinare dovna laga av. Eit
nytt spellag vart skipa i 1909 og har sidan halde seg uppe og vore til stor hugnad. Songar
laget «Njørd» stod tilknytt laget frå 1908 til 1914. Frå då av vart skipa Bondeungdoms
lagets songarlag (blanda kor). Songarlaget har arbeidt seg godt fram og vore til mykje nytte
på lagsmøta. B. J. Borrevik har heile tida styrt laget med dugleik og interesse. I 1920 vart
det ogso skipa eit mannskor med Tørris Storækre til styrar. Ved skipinga av kaffistova
i 1904 kom ein flokk av gjentone saman og sauma gardiner til stova. Men fyrst i 1910 vart
kvendelaget skipa med fast siyre og faste arbeidskveldar. Kvendelaget har frametter åra gjort
sers godt arbeid, noko som har kome til syne på marknadene. I 1915 var ogso i verksemd
eit gutelag, som arbeidde mange nyttesame og vene ting til marknaden same året. Fleire
vintrar har det vore ordskiftelag som har fått god tilslutnad. I 1919 vart skipa eit idrotts
lag med Ommund Lunde til styrar.
Folkeviseleiken har frå fyrste stund havt ein breid plass i laget. Det har vore fleire leikar
skeid og faste leikarmøte ein gong kvar månad. Leikarringen har ofte gjeve framsyning på
marknadene og elles på tilstellingar utanum laget.
I fyrstninga av året 1913 vart det skipa eit blomelag som har til fyremål å vitja dei
sjuke på fylkessjukehuset. Dette var eit gildt tiltak, som har vorte møtt med stor takksemd
og samhug.
1 1917 vart fyrste grunnstokken lagd til boksamlinga. Denne har seinare auka for kvart
år og er no på kring 300 band.
Tanken um å få ein utferdsplass hadde lenge vore i emning. Spursmålet vart løyst i 1919,
då laget kjøpte «Havsro» ved Havsfjord. Same året kjøpte laget halvparten i losje «Roga
land»s eigedom «Vonheim» ved Hillevåg. Båe plassar er sers unelege og er vortne mannjamt
nytta av lagsfolket.
Formenner ned igjenom åra har desse vore: Magnus Våge, Sophus Thomsen, Øystein
Eskeland, Nils Mehus, Nils Sæverås, Andr. Hovda, H. V. Aurdal, Gunnar Løvik, Lars Risvoll,
Anders Løvik og O. A. Vestbø som no er formann.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0370.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free