- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
379

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KORLEIS SAMSKIPNADEN VART TIL OG
VOKS FRAM.
På den store ungdomsstemna som Eidsiva ul. skipa på Eidsvoll i 1894
— um våren — målbar Peter Slotsvik tanken um å skipa eit landslag for
alle frilyndte ungdomslag, Slotsvik upplyser sjølv at den fyrste som nemnde
denne tanken til han var lærar Olav Madshus. Det vert elles hevda at det
var i Oslo-laget «-Fram» at tanken um ein landssamskipnad for den frilyndte
og nasjonale norske ungdomen kom upp. Den dåverande formannen i
«Fram», Anstein Myhr, tok upp tanken på årsmøtet i Eidsiva ungdomslag,
der han var styresmann um våren i 1895 i Oslo. Det vart då pålagt styret
for Eidsiva å venda seg til andre fylkeslag i landet med framlegg um å
skipa eit landsungdomslag. Og utkast til lover vart vedteke.
Lovutkastet gjekk til dei andre ungdomsfylka saman med ei innbjoding
til å velja utsendingar til eit møte i Nidaros 11. juli 1896. Der møtte
utsendingar frå desse fylkeslaga (eller fælleslag som dei då heitte) :
Frå Eidsiva ungdomslag: P. Slotsvik, Anstein Mykr.
» Romsdals ungdomslag: A. O. Sand, lærar Rekdal, frk Henriksen.
» Inntrøndelagen ungdomslag: Edv. Vekre, Eline Gjellen, Bendikte
Scheflo, Dorthea Hoffstad, Ragna Stavrum, S. Dyva.
» Telefylket ungdomslag: lærar Steinsund, Kristian Høvig.
» Aust-Agder ungdomslag: Jakob Dahle.
» Sunnmøre ungdomslag: Ivar Flem, Per Riste.
» Fylkeslaget Breidablik: M. Hamlander, E. Randmæl.
Sjela i fyrebuingsarbeidet hadde vore skrivaren i Eidsiva ul., Anstein Myhr.
Bladstyrar Try ynskte lyden velkomen. Anstein Myhr vart vald til ord
styrar.
P. Slotsvik innleidde til ordskifte um «Ungdomslagi, deira mål og yrke».
Sidan hadde dei ordskifte um emnet: «Fælleslagi og deira arbeid». Um
kvelden den 11. juli var dei på utferd til Fossestua, ved Leirfossen. Her
tala Haakon Løken um Ungarn og fridomsstriden der.
Den 12. juli heldt møtet fram med Slotsvik til ordstyrar. Anstein Myhr
greidde då ut um kva tanken med landslaget bar i seg. Det vart eit heitt
ordskifte etterpå.
Mot 2 røyster — sendemennene frå fylkeslaget Breidablik — vart so
Norigs Ungdomslag skipa, 12. juli 1896 i Nidaros.
Anstein Myhr vart beden um å ta imot val til formann. Men han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0389.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free