- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
396

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

396
Det vart nytta til ferdatalarar i tida 1911 —
1 9 1 4 og til å dekkja kostnad med Skrivar
stova og «Bodstikka» frå 1. juni 1913—
1. juli 1915.
Frå 1908 har laget havt eit årvisst
rikstilskot til skiping av norske gudstenestor
på kr. 800-1200 um året. Inntil 1920
var det ei serskild nemnd som styrde med
desse pengane. Frå 1914 har Skrivarstova
gjort arbeidet. Og i 1920 vart nemnda
Knut Kjorstad. . , orU.itsM nn. : in9n vnH- nPtnnrla Rasmus Hatledal.
burtteka.
Sidan 1913 har landslaget til forsvarsupplysningsarbeid fått tilskot både frå
stortinget og frå Norges Forsvarsforening. Årstilskotet har dei siste åra vore
på kr. 4000. Tilskotet frå Forsvarslaget har vanleg vore kr. 1500.
Offerpengane som kom inn i 1915—16 sette styret i stand til å gjera
ein avtale med styret i N. Ml. um ein skipnad med faste ferdatalarar og
høvestalarar. Denne skipnaden har sidan vore halden uppe.
Då Bondeungdomslaget i Oslo i si tid gjekk til utviding av forretningane
sine, fekk Norigs Ungdomslag tilbod um å gå med mot å skyta inn ein
sum på kr. 20000. *
a
Det synte seg at Norigs Ungdomslag kunde reisa desse pengane, og
styret var og viljugt til å gå med. Men då spursmålet kom til endeleg
avgjerd i Bondeungdomslaget, vart framlegget um å la Norigs Ungdomslag
gå inn som parthavar nedrøysta.
I staden gjorde Bondeungdomslaget det vedtaket at Norigs Ungdomslag
skal ha 12 prosent av nettooverskotet frå kaffistova og hotellet i Rosen
krantzgt. 8 etter at alle avskrivingar og dessutan kr. 10000 er dregne ifrå.
Etter at skipnaden med lagsbruksskatten vart gjenomførd, er dette vedtaket gjort
urnatt, soleis at B.ul. i Oslo no tegg full lagsbruksskatt av alle lagsbruka sine.
Det som har gjeve landssamskipnaden det faste økonomiske ryggstød
som det kan vera høve å tufta eit varande planlagt arbeid på, er skipnaden
med lagsbruksskatten.
Tanken um å skatteleggja alle lagsbruk (kaffistovor, herbyrge, o. dl.) var
fyrst uppe på årsmøtet i N. Ml. i 1912. Det vart då ikkje gjort noko beinveges
vedtak i sjølve dette spursmålet, for di det endå var for lite utgreidt. Men
årsmøtet slutta ordskiftet med sovore vedtak um fyremålet med lagsbruksskatten:
«Landsmøtet finn at N. Ml. lyt få ein fastare skipnad med ein fast sekre
tær til hjelp for styret og til å stå fyre upplysningsarbeidet.»
Sidan mange lag med lagsbruk er innmelde både i N. Ml. og i N. Ul.,
kom arbeidet for å få part i inntektene til lag med lagsbruk naturleg til å
verta sams for båe landslaga. Dette vedtaket på årsmøtet i N. Ml. 1912
og ordskiftet som gjekk fyre, gav mandatet for den «faste skrivaren» som
båe landsstyra samdest um å setja inn året etter. Og det har ikkje vore
klaga over at skrivaren sette for lite inn på å løysa uppgåva, eller over at
han tapte den store uppgåva or syne for alle dei små som år for år natur
leg melder seg for arbeidet i 2 store landssamskipnader.
Det var inga lett uppgåve å knyta alle dei hundrad lag og alle dei
tusund lagsfolk saman til fast landssamskipnad. Når det galdt idear og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0406.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free