- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
407

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

407
I 1919 løyvde laget kr. 2000 til å ar
beida ut ei gymnastikkhandbok, serleg med
tanke på folkeskulen i bygdene. Skulen
vår vantar ei slik handbok, og so lenge
det er tilfelle, kan det ikkje verta høve til
å få rasjonell gymnastikk inn i barneskulen.
Boka er ferdig i manuskript og vil verta
prenta so snart ho av departementet er god
kjend til lærebok. Det er eit nybrotsarbeid
N. Ul. her har sett i verk, ikkje berre med
å skaffa ei lærebok som skuleverket vårt
har sakna, men ogso med di at boka vert
på norsk mål.
Fyredragshjelp til ungdomslaga
Årsmøtet i 1897 gjorde sovore vedtak:
Utsendingsmøtet i Norigs Ungdomslag bed sty
ret for landslaget gå inn til stortinget med bøn um
pengestudnad til stuttare fyredragskurs i bygdene
våre."
Den 15. april 1898 sende styret eit slikt
bønskriv til stortinget; men fyrebils frukta
det ikkje noko. Dette er det fyrste steget
som N. Ul. gjorde for å få skipnaden med
"*<**
; <«
Olav Asmundstad,
dølen som har gjort dei gamle norske
og islandske sogone levande for oss
med forteljekunsten sin.
fyredragslaga i stand. Men det vart ein lang duk å leggja på bleik, mest
kanskje for di løysinga låg so altfor beint fyre, og ungdomssamskipnaden
endå ikkje rett visste kva han vilde.
Årsmøtet i 1900 hadde atter uppe tanken um ein skipnad med arbeidar
akademi for bygdene, lik den som alt var i byane. Etter eit langt ordskifte
gjorde årsmøtet dette vedtaket, (der dei kjem frå tanken um arbeidarakademi
og inn på noko anna):
Cfinstoffer Bruun,
sont i boka si Folkelige grund
tanker" la grunnen til det
frilyndte ungdomsarbeidet.
set ned ei nemnd på 5 mann til å gjera ein
plan for ungdomsarbeidet og for samanhangande fyredrag
i lagi: Nemnda sender sitt-framlegg til styret for N. Ul.
som gjenom fylkeslagi sender det til dryfting i dei einskilde
lag. Styret får fullmakt til å leggja utgreidingi med søk
nad um statshjelp fram for komande ting."
Desse vart valde inn i nemnda: Fr. Bentsen,
Ådne Øvergård, Sven Moren, Klaus Sletten, S. A.
Engeset, og A. Konglevoll.
Utgreidinga frå nemnda — ho er ikkje dag
sett — gjekk ut på tilråding av — fyredragsskeid
og at ungdomslaga skulde skipa seg som «ung
domsskular i det små, på umgang.»
Kvart skeid skulde vera på 14 dagar. Stats
tilskotet skulde dekkja halvparten av utlegga, ung
domslaga sjølve ber den andre halvparten.
Fyredragsemne skulde serleg vera dei ymse
greiner av bondeyrket, som jordbruk, hagestell,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0417.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free