- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
408

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

408
Lars Knutson Liestøl,
i liv og lære ein av våre beste
talsmenner for norsk bondekultur.
fjøs- og mjølkestell, skogplanting og skogbruk,
samnøyte og husyrke. Dessutan idrott, soge
og lettskynleg vitskap.
Styret gjekk med på tilrådinga og sende
utgreidinga til kyrkjedepartementet med søknad
um eit statstilskot på 10000 kr.
Det var mange veike punkt i denne nemnd
tilrådinga. Med dei dåverande tronge økono
miske vilkår for statskassa var det ei stor tiltru
dei kravde, når dei bad um eit statstilskot på
1 0 000 kr. til eit uppofrande upplysningsarbeid
um praktiske emne.
Men nemnda upplyser at av 800 ungdoms
lag i landet med 45 000 lagsmenner stod berre
250 lag med 14 730 lagsmenner i samskipna
den. Samstundes vert det peika på at ung
domssamskipnaden «har vore og er altfor
laus, — — — arbeidet har stundom gått på råm, fylkeslagi mak
tar ofte ikkje stort anna enn å skipa til ei ungdomsstemne og senda ut ein
talar ender og gong. — Lite samarbeid har det vore millom dei ein
skilde ungdomslag, mindre millom fylkeslagi. På det vis karm eit
landslag lite og inkje gjera, allvisst når det vantar midel» osb. — Alt dette
gav vel lite tiltru til samskipnaden og lite von um at han verkeleg kunde
makta å driva eit arbeid etter den framlagde planen.
Til dette kom vidare at dei statistiske upplysningane um samskipnaden
som fylgde utgreidinga veikte ogso trua på at ungdomslaga kunde makta
å skyta til sin part av kostnaden med arbeidet. Heile årsinntekta for sam
skipnaden var uppførd med berre kr. 19 822.
Mildt men fast set departementet i sitt budgettframlegg fingeren på denne
veike sida i søknaden frå N. Ul. Etter at departementet har skulda på dei
budgettmessige vanskane heiter det millom anna:
„. . . man må anse det ønskelig at ungdomslagene
først på egen hånd organiserer slike forelæsninger, svarende
til hvad der kan utrettes for det bidrag som lagene har
erklært sig villige til at skaffe tilveie ved siden av statsbi-
draget. — — — Man kan heller ikke tilbakeholde den
bemerkning at der muligens turde være opfordring for ung-
domslagene til, før de definitivt beslutter sig til at opta et
så indgående arbeide som det her omhandlede at over-
veie om ikke de midler lagene kan skaffe tilveie og som ikke
hvert av dem trænger til sin egen drift, først og fremst
kunde benyttes til at hjælpe übemidlet landsungdom til op-
hold ved ungdomsskoler."
Med dette fall denne freistnaden.
På årsmøtet i 1902 gav styret melding um
korleis saka no stod, og det vart atter eit langt
ordskifte, der serleg Oslopresten Eugene Hanssen
tala imot at ein skulde gjeva upp tanken um
statstilskot til fyredragsarbeidet eller skuva saka
frå seg til eit seinare årsmøte.
Elias Melvær,
den eldste, trugnaste, mest
uslitelege ferdatalaren vår.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0418.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free