- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
411

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

411
Bibliotekstyrar Håkon Nyhuus greidde ut um vandre
boksamlingar, og årsmøtet gjorde sovore vedtak:
Møtet takkar Håkon Nyhuus for fyredraget og bed styret i N.
Ul. syta for å få ei utgreiding av han um umgangsboksamlingar og
sentralstyre og so senda denne i kring til fylkeslaga til dryfling."
Denne saka tok riksstyremaktene seg av. Det vart
skipa sentralstyre for folkeboksamlingar under kyrkjedepar
tementet. I departementet vart ogso tilsett ein sakkunnig
konsulent. Den nye skipnaden høvde so bra for ung-
domslaga at dei fleire stader såg seg tente med å la dei pri- ldar nandagard.
våte boksamlingane sine gå inn i folkeboksamlinga i bygda mot at ungdoms
laget fekk velja ein tilsynsmann.
I 1919 samtykte bokreidarlaget ein søknad frå styret i N. Ul. um at
ungdomslaga til dei private boksamlingane sine kan få same prisavslaget som
offentlege boksamlingar får til innkjøp av nye bøker.
Årsmøtet i 1904 gjorde vedtak um å freista få ei semje med kyrkje
departementet, soleis at ungdomslaga kunde få dei same fyremuner med sine
bokkjøp som folkeboksamlingane har. Men semja kunde ikkje koma i stand.
Men i 1920 vedtok stortinget nye fyresegner for rikstilskot til folkebok
samlingar. Etter desse nye fyresegnene kan ungdomslagsboksamlingar på
visse vilkår og i visse høve få rikstilskot til bokkjøp som offentlege boksamlingar.
Til å hjelpa landsfolk til god lesnad har laget sidan 1918 arbeidt med
åfå til ein skipnad med ungdomslagsbokbuer. Dette arbeidet står fyrebils
fast på Norsk Bokhandlerforening, som ikkje gjerne tek upp i ringen sin
små bokbuer ute i bygdene. Men bokbuer som ikkje kjem inn i bokhandlar
trusten får ikkje prosentar hjå forleggjarane, og er soleis praktisk set meinka
i å driva handel med andre bøker enn dei som vert utgjevne av forlag som
står utanfor bokreidarlaget. Det vert då svært få
Ei ny grein i arbeidet for god og billeg folkelesnad av ålmenvitskap
leg slag er skipnaden med folkeskriftene. Tiltaket vart gjort av Studentmål
laget i Oslo, som i 1902 sende Norigs Ungdomslag uppmoding um å gå
med. Formann i Studentmållaget var den gongen dr. Idar Handagard.
Jørgen Løvland,
kjær og velyyrd stemnetalar, vår
beste mann i storting og riksstyre til
å fremja krav til riksmaktene.
Årsmøtet i 1902 gjorde sovore vedtak:
N. Ul. tek på seg utgjeving avfolkeskrifter på norsk.
Ei arbeidsnemnd skal firma høvelege emne og dugande
skrivehjelp og er attåt domsnemnd. Men ei skrift kan ikkje
verta utgjevi utan styret samtykkjer i det.
Norigs Ungdomslag vel tvo og Studentmållaget tvo
nemndmenner med like mange varamenner. Nemndi kan
ta den tilhjelp ho treng"
Representantar for N. Ul. i folkeskriftnemnda
har vore:
1902—06: Ojelsvik, Koht.
1906—07: Gjelsvik, Løland.
1908—09: Professor Skeie, Løland.
1909—13: Koht, Sletten.
1913—14: Sletten, Midttun.
1914—18: Midttun, Ketil Skogen.
1918 19: Midttun, dr.Torstein Høverstad.
1919 — 21: Høverstad, Sigvat Heggstad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0421.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free