- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
412

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

412
Sigurd Eldegard,
i ein mannsalder fast upplesar og
forteljar på ungdomsmøte og
stemnor. Lærar i sitt fag på
det fyrste ungdomsleidarskeidet.
Årsmøtet i 1907 vilde brigda vedtaket frå 1902,
soieis at folkeskriftnemnda heretter skulde styra
både den økonomiske og litterære sida med dette
tiltaket. Dei 4 nemndmennene skulde sidan sjølv
velja ein femtemann. Men dette gjekk ikkje Student
mållaget med på, og alt vart som fyrr.
Året- 1906—07 skaut N. Ul. kr. 800 til Det
norske samlaget på det vilkåret at Samlaget skulde
setja upp ein grunnstokk for barne- og ung
domsboksamlingar.
Ungdomsleidarskeid.
I 1917 godkjende N. Ul. ein plan for ski
ping av ungdomsleidarskeid. Fyremålet med
slike skeid er å hjelpa ungdomslaga til å få ut
dana leidarar i ymse greiner av lagsarbeidet.
Upplæringsemne skal vera:
1. Upplæring i å styra folkeviseleik og nasjo-
nale dansar.
2. Upplæring av instruktørar for skodespellag.
3. Upplæring i lese- og forteljekunst.
4. Talekunst, utarbeiding og framføring av fyredrag.
5. Upplæring i lagssong (ikkje fleirtonig) og einmannssong.
6. Upplæring i lagsstyring og møteteknikk.
Vanleg skal skeidet veia på 3 vikor.
Ungdomsleidarskeidet på Kongsvinger, 25. april — 8. mai 1920.
Fremste rad (frå vinstre til høgre): Ingeborg Åbråten, Borghild Jahren, Borghild Streitlien,
Hanna Rytter, Anna Dramstad, Tora Hagen, Astrid Iversen, RagnhildJensen, LollaJacobsen.
Midtrada: A. Syversen, Ivar Salsegg, Ola Hveberg, Marius Granlund, Ragnar Streitlien, Harald
Sørlien, Toralf Botilsrud, Åsmund Mangseth, Trygve Toresen, Erik Sisselrud, Gunnar Tangen.
Attarste rad: Julie Åsen, Pauline Voldsnes, Birger Skattum, Sigurd Eldegard, Edv. Os, fru Øygard,
Einar Øygard, Håkon Rydland, Jørgen Dale, lærar Aursnes, Mimi Larsmoen, Bergljot Svestad.
(Telegrafist Enger vantar).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0422.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free